No kan du foreslå kandidatar til ungdommens kommunestyre!

Ungdommens kommunestyre (UKS) er Øygarden kommune sitt ungdomsråd. Dei 11 medlemmane skal representere alle unge i kommunen, og møtast i formelle møte om lag annankvar månad.

Ill.

UKS har rett til å uttale seg i alle politiske saker som vedkjem levekåra for ungde i kommunen, og dei etablerte politikarane skal ta stilling til desse uttalane før dei gjer endeleg vedtak i sakene. Ungdomsrådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Nye medlemmar

I år skal det veljast nye medlemmar til UKS, og det er no opna for å foreslå kandidatar for perioden 2023 - 2025. Det vert særskild peika på at organisasjonar som representerar ungdom har rett til å nominere kandidatar, men også andre kan gjere dette. Det er kommunestyret som endeleg bestemmer kven som skal vere medlemmar.

Vi vil gjerne ha ulike ungdommar i rådet, men det er viktig at ein er samfunnsengasjert, og motivert for fremje ungdom sine synspunkt. Arbeidet skal vere kjekt og meiningsfullt, men ein må kunne holde avtalar, vere sakleg, og vere villig til å sette seg inn i ny informasjon. Medlemmar må vere under 19 år når dei vert valde inn, etter planen i løpet av november.

Forslag til kandidatar

Du kan foreslå kandidatar til UKS ved å nytte skjemaet under. Dersom du foreslår nokon andre må vedkommande samtykke før du sender inn skjemaet. Siste frist er 1. november 2023.

Send inn forslag til kandidat

Spørsmål?

Ved spørsmål, eller ønskje om å slette innsendt informasjon, nytt kontaktinformasjonen nedst på nettsida.

Rekrutteringsplakat

Her kan du sjå rekrutteringsplakaten (PDF, 444 kB).