Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

No kan du bruka dagsturhytta i Foldnesmarka

Ved hjelp av boremaskin fjerna ordførar Tom Georg Indrevik fredag treklossen som sperra døra inn til dagsturhytta Larslibua i Foldnesmarka. Surt og kaldt vestlandsvér hindra ikkje ordføraren og gode medhjelparar til å markera den offisielle opninga.

- Dette er ei kjempeflott hytte. Her skal eg ha møte minst ein gong i månaden, lova ordføraren.

Her fjernar ordføraren treklossen som sperra inngangen. Dermed er hytta offisielt opna og open for alle - Klikk for stort bileteHer fjernar ordføraren treklossen som sperra inngangen. Dermed er hytta offisielt opna og open for alle. 

I Larslibua finn du sitjeplassar, sitjeunderlag, vedomn og eit lite bibliotek. Bøkene er ikkje for utlån, men til hygge medan du har ei kvilestund i hytta. Hytta skal ikkje nyttast som overnattingsplass, men som ein kjekk møteplass for dei som ferdast i naturen.


Kulturleiar Christel Møvik-Olsen opplyser at Øygarden skal ha tre slike hytter. Det er ikkje teke stilling til kvar dei to andre hyttene skal plasserast, men ei hytte skal plasserast i nord og ei sør i kommunen. Hyttene er realisert med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og BKK. Også turlaget er med på prosjektet. 

Her kan du sjå helsing frå Vestland fylkeskommune

Hytta ein godversdag. - Klikk for stort bileteHytta ein godversdag. 

- Sitjeunderlaga er strikka og tova av ei strikkegruppe på biblioteket. Her i hytta er det solcellelys og høve til å lada mobiltelefonen. All kraft kjem frå solcellepanlet, kan kulturleiaren fortelja.

Ordføraren elskar å ferdast i naturen.

- Som gamal speidar vil eg berre seia at dette er fantastisk. Dagsturhytter er noko Vestland fylkeskommune har arva etter gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eg har besøkt fire-fem slike i Sogn og Fjordane. Larlslibua er kortreist og du finn hytta lett ved å gå Kyrkjevegen. Eg oppmodar oss alle om å ta godt vare på hytta, sa ordføraren.

Han slo også eit slag for Kystpasset som vert lansert 27. mars. Her er oversikt over 30 spennande turar i Øygarden.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opninga i dag og bilete frå ein solskinsdag tidlegare i veka:
 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete