No handlar det om å handla i Øygarden

- Det er berre når det er høgst nødvendig at eg reiser ut av kommunen for å handla. Det sa kunde Olav Oen då ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang, reiste til tre senter i Øygarden i dag for å markera starten på kampanjen «Takk for at du handlar i Øygarden».

Dagleg leiar i Vest Næringsråd,Rikard Ledang, vil gjerne ha med seg ordførar Tom Georg Indrevik, framfor messeveggen på lanseringsdagen for "Takk for at du handlar i Øygarden". - Klikk for stort bileteDagleg leiar i Vest Næringsråd,Rikard Ledang, vil gjerne ha med seg ordførar Tom Georg Indrevik, framfor messeveggen på lanseringsdagen for "Takk for at du handlar i Øygarden". Vigleik Brekke  

Haldningskampanjen er eitt av fleire tiltak i tiltakspakke for næringslivet. Tiltaka er retta mot næringslivet som har møtt på store utfordringar som følgje av koronaviruset. På rundturen til Sund Senter, Rong Senter og Sartor Storsenter vart det delt ut klistremerke til dei handlande. Her trefte kampanjeleiarane mellom anna sjefane for sentera; Vidar Klepsvik (Sund), Marita Torsvik Solås (Rong) og Thomas Skålnes (Sartor Storsenter).

Folk støttar opp om kampanjen.

- Tilbodet i forretningane har kome seg betrakteleg dei siste åra. Så sant vi får tak i det vi vil ha, handlar vi lokalt, seier Olav Oen.

Senterleiar på Rong Senter, Marita Torsvik Solås, seier at omsetnaden var svakare i mars og delvis i april, men har teke seg fint opp i mai.

- Denne kampanjen er veldig bra. Eg set stor pris på at folk handlar lokalt, seier ho.

Bevisstgjering

Ordførar Tom Georg Indrevik er oppteken av at folk både handlar i kommunen og kjøper varer og tenester elles av det lokale næringslivet.

- Det har med bevisstgjering å gjera. Dersom vi ikkje nyttar det lokale næringslivet, vil det gå utover utvalet i framtida. Eg er glad for at mange er bevisste på å bruka lokalt næringsliv, seier ordføraren.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Anders Ekanger, Sirianne Arnestad Hellerud og Rikard Toft Ledang - Klikk for stort bileteFrå lanseringa på Sund Senter. Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Anders Ekanger, Sirianne Arnestad Hellerud og Rikard Toft Ledang. Kjell Andersland   
Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang, hadde med seg kollegaene sine, informasjonsansvarleg Anders Ekanger og koordinator Sirianne Arnestad Hellerud, på rundturen i kommunen i dag. Den daglege leiaren var ivrig med å dela ut klistremerke og viste at han er ein kløppar i å få opp messeveggen med kampanjebodskapen.

- Dette handlar om meir enn koronakampen. Når vi gjennomfører denne kampanjen, ser vi kva verdi og fagtilbod vi har i kommunen vår, seier han.

Thomas Skålvik på Sartor Storsenter seier at alle forretningane på senteret no er opna. Bergen Gokart opnar første juni, medan kinoen håpar på opning 10. juni.

- Besøket og omsetnaden har teke seg opp. Det var særleg god omsetnad i 17. mai-veka, seier senterdirektøren. Marknadssjef Hans Jarle Einarsen seier at det er ei utfordring for forretningar som set inne med eit stort lager som er det vanskeleg å få selt.

Roy Åge Tuv er marknadssjef i Driv Industri AS på Straume. Han er glad for kampanjen.

- Det er utruleg spennande at Øygarden kommune og Vest Næringsråd står i bresjen for dette. Vi treng både store og små bedrifter i kommunen, seier han.

Denne veka vert det lagt ut videoar med kampanjebodskap på nettsidene og Facebook-sidene til kommunen og Vest Næringsråd.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå lanseringa av kampanjen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Thomas Skålnes, Atle Dåvøy (varaordførar), Siranne Arnestad Hellerud og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete