No får du raskare svar på koronatesten

Frå i dag (2. juli) kan du sjølv sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og svart på. Helsepersonell svaret via kjernejournal.
- Dette kortar ned ventetida, seier vikarierande smittevernlege i Øygarden, Bjørg Møllerløkken.

Bjørg Møllerløkken - Klikk for stort bileteBjørg Møllerløkken 

 

Fram til no har dei som har teke koronatest, ringt til fastlege eller legevakt for å få svaret på testen. I gjennomsnitt har det teke tre døger på å få svar.

- Med den nye ordninga får ein tilgang til svaret raskare, oftast i løpet av eín eller to dagar etter at prøven er teken. Det frigjer også telefontid inn til fastlege og legevakt. Folk er naturleg nok utolmodige etter å få svar. Dessutan må dei vera heime til svaret ligg føre, seier Møllerløkken.

Ho minner om at folk må aktivera (oppdatera) brukaren på helsenorge.no.  Det er også viktig å aktivera brukaren for barna.  Svaret vert ikkje varsla på SMS, så ein må logga seg på for å sjå om svaret på prøven er kome. Foreldre har tilgang til opplysingar til barna sine fram til dei er 12 år. Frå 12 til 16 år har foreldre gradert innsyn, og frå 16 år er barna sjølvstendige brukarar.

Løysinga er eit resultat av samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI), Norsk Helsenett (NHN), Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet, utført på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Les meir her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke