Nautnes akuttmottak vert lagt ned

Utlendingsdirektoratet (UDI) har avgjort at Nautnes akuttmottak i Øygarden har sin siste driftsdag 27. september*. Hero har vore driftsoperatør for mottaket. På det meste har det vore 128 flyktningar frå Ukraina på Nautnes.

Nautnes - Klikk for stort bilete 

UDi opplyser at avviklinga av mottaket på Nautnes er knytt til ei større nedjustering av akuttmottakskapasiteten på nasjonalt nivå i lys av færre flyktningar som kjem til landet og rask busetjing av ukrainske flyktningar.

- UDI takkar kommunen for svært godt samarbeid og ein fantastisk innsats med kommunale tenester og frivillig i kommunen, seier regiondirektør i UDI vest, Belén V. Birkenes.

Også ordførar Tom Georg Indrevik takkar for godt samarbeid om akuttmottaket.

- Eg vil takka både UDI, Hero og alle involvert i kommunen som har gjort ein framifrå innsats for å sikra god oppfølging. Det har også vore eit stort engasjement frå frivillige i denne perioden. For vår del står det mykje arbeid igjen med å få busett flyktningar i kommunen og leggja til rette for gode tenester, seier ordføraren.

Prosjektleiar for flyktningmottak i Øygarden kommune, Monica Pedersen, opplyser at det fram til i dag er busett 100 flyktningar frå Ukraina. Etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal det busetjast 119 flyktningar frå Ukraina i Øygarden.

- Vi har eit godt samarbeid med akuttmottaket, seier Pedersen.

Takkar for godt samarbeid

Mottaksleiar på Nautnes akuttmottak, Geir Olav Skorstad, opplyser at det har vore opptil 128 flyktningar på mottaket. I gjennomsnitt har det vore 100 flyktningar på Nautnes. For tid er det 70 innlosjerte på mottaket. Ein del av desse har fått tildelt busetjing, medan resten vert overførte til andre mottak.

Han takkar alle samarbeidsaktørane for eit svært godt samarbeid både med kommunen, frivillige og lokalsamfunnet elles.

- Målsetjinga vår har vore at flyktningane skal ha det godt her ute. Vi er svært glade for samarbeidet med kommunen ved at det er oppretta legekontor og at alle barna har fått tilbod om barnehage- og skuleplass. I det heile tatt har det vore eit godt samarbeid med kommunen på alle felt, seier Skorstad som også vil takka for tett og godt samarbeid med utleigar av mottaket.

* Oppdatert 22. august: Akuttmottaket vert lagt ned den 27. september og ikkje den 14. september slik det vart meldt 19. august.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Egil Olsvold