Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Nasjonale smitteverntiltak frå 16. april

Frå fredag 16. april er det innført lette i dei i nasjonale smitteverntiltaka. Tiltaka samsvarar i stor grad med trinn eín i nedtrappinga av dei nasjonale tiltaka.

Statsminister Erna Solberg presenterte 13. april trinn eín i gjenopninga som har verknad frå og med 16. april. - Klikk for stort bileteStatsminister Erna Solberg presenterte 13. april trinn eín i gjenopninga som har verknad frå og med 16. april.  

Blant endringane er at grensa for sosial kontakt vert endra til maksimalt besøk av fem gjester i eigen heim, skjenking til klokka 22.00 (ved servering av mat) og at det kan samlast inntil 100 personar på innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar.

Les pressemelding om smitteverntiltaka som gjeld frå og med 16. april her.

Nasjonale smitteverntiltak som gjeld frå og med 16. april:
 

Tilrådingar for heile landet

Hald eín meter avstand. Hald hendende reine. Hald deg heime dersom du er sjuk.

Sosial kontakt
Alle bør avgrensa sosial kontakt.

Oppmoding om å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. Barn, i tillegg til besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til eín til to faste vener.

Reiser
Reiser til utlandet vert frårådd. Strengt nødvendige reiser kan gjennomførast.

Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høg smitte. Ein kan reisa på hytta (eigd eller leigd) eller hotell  innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg. Personar som reiser til kommune med mindre strenge tiltak bør som en hovudregel følgja tilrådingane som gjeld som gjelder i kommunen dei bur i til vanleg. Reiser til arbeid- og studiestad kan reknast som nødvendig reise.

Barnehagar og skular
Barnehagar og skular er på gult nivå i samsvar med trafikklysmodellen.

Handelsnæringa
Ope med smitteverntiltak jf. eigen bransjestandard.

Arbeidsliv
Heimekontor for alle som har høve til det.

Idretts- og fritidsaktivitetar

Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktiviteter som normalt. Det er unnatak frå tilrådinga om avstand på eín meter når det er nødvendig for å driva med aktiviteten.

Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreininga eller liknande i ein annen kommune, vil dei kunna konkurrera med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillét det. (Nytt)

Barn og unge under 20 år som driv med idrett som ikkje inneber nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region vert brukt som geografisk inndeling

Vaksne kan driva organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst eín meter avstand (Nytt).

Vaksne kan driva organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge de kan halde minst eín meters avstand. (Nytt)

Toppidrettsutøvarar kan trena som normalt, både utandørs og innandørs.
 

Reglar for heile landet
 

Private samankomstar og arrangement:
Arrangement som samla personar frå ulike kommunar, vert tilrådd utsett eller avlyst.

Reglane for arrangement er slik:

Maks ti personar på private samankomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes fødselsdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggarar.

Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).

Maks 100 personar på arrangement på offentleg stad utan faste, tilviste sitteplassar (nytt).

Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personer (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane (nytt).

Arrangøren skal setja i verk tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig, skal det nyttast vakthald for å sikra dette.

Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader (nytt).

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling
Det er berre lov med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00 (nytt).

Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

Feiring av Ramadan
Ramadan starta 13. april. Her kan du lesa om korleis ein kan feira ramadan innanfor gjeldande smitteverntiltak.

Innreiseordning
Frå 14. april vert den søknadsbaserte innreiseordninga (unntaksordninga) til å inkludera personell som er strengt nødvendig for å unngå driftsstans i prosjekt eller verksemder på tvers av bransjer, utvida. Les meir her.

Studentar
Studentar ved fagskular, høgskular og universitet kan no vera meir fysisk til stades ved undervisninga. Les meir her.