Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2021

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan no søkje om midlar frå Bufdir til inkludering av barn og unge.

Klikk for stort bileteIll. Pixabay

Om ordninga

Ordninga skal bidra til at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal ha moglegheit til å delta i minst éin organisert aktivitet saman med andre. Aktivitetstilbodet skal så langt det er mogleg, ha låge eller ingen kostnader. 

Målgruppe

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som opplever fattigdomsproblem, og familiane deira.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som

  • bidrar til at barn og ungdom som opplever fattigdomsproblem, og familiane deira, kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar;
  • bidrar til at barn og ungdom som opplever fattigdomsproblem, og familiane deira, kan delta i ferieaktivitetar;
  • bidrar til at barn og ungdom som opplever fattigdomsproblem, kan delta på alternative mestringsarenaer. 

Søk om midlar

På nettsida til Bufdir finn du meir informasjon, kriterium og søknadsskjema.

Alle søknadar skal fyllast ut og sendast inn elektronisk via søknadsportalen til Barne-, ungdoms,- og familiedirektoratet innan fristen 04.12.2020.

Tildeling av midlar

Kommunar i tilskotsordninga skal vurdere og prioritere søknadane. Bufdir gjer den endelege tildelinga. 

Spørsmål kan rettast til

Annette Henden, SLT-koordinator
Telefon: 977 06 783
E-post: annette.henden@oygarden.kommune.no