- Når eg les, drøymer eg meg bort

Det seier Tobias Børstad i 3b på Landro skule om opplevinga av å lesa bøker. Alle trinna på skulen deltek no i den nasjonale lesekonkurransen Lesereisen.

Det var stas for elevane at Lesereisebilen kom til Landro. - Klikk for stort bileteDet var stas for elevane at Lesereisebilen kom til Landro. 

Denne veka fekk skulen besøk av Lesereisebilen. Dei 80 elevane i tredje og fjerde trinn var samla i gymnastikksalen då Anita Lundberg og Anette Bratvold frå Lesereisebilen gav dei oppdatering i konkurransen. Landro skule er ein av fire skular i Vestland fylke som får besøk frå Lesereisebilen.

- Veit de kor mange sider elevane på Landro skule har lese så langt i konkuransen? spurte Anita.

- 20 tusen, 120 tusen....

Jo, elevane hadde fleire tips. Men det var ingen som tippa at elevane på skulen har lese heile 164 372 sider så langt. Det er kort og godt eit imponerande resultat.

Lesereisen er ein nasjonal lesekonkurranse for 1. - 7.trinn, med formål om å auka leselysta og lesegleda i barneskule på ein ny og engasjerande måte. Målet med turnéen er å kasta glans over skulen og elevane og oppmuntra til meir lesing og skriving.

Dei to gjestene frå Lesereisen viste ei kjempestor bok der elevar frå heile landet har skrive tekstar og teikna.

- Vi skal reisa opp langs heile Noreg heilt til Nord Noreg. Alle som har fått besøk av bilen har skrive litt i denne boka og takka for besøket av Leserereisebilen. Her ser de korleis elevar på Torvastad skule har skrive hundremetersdiktet, og her er teksten frå  elevar på Austrheim skule som har skrive om at dei har hatt kyllingar på skulen. Dei måtte skriva minneord då den eine kaninen, pjusken, døde, fortalde Anita.

Også ein del av tekstane frå elevane på Landro skule får plass i den store svarte boka. Eitt døme er teksten frå Nora om «Pappa på ballet».

Alle" ville sjå i den store boka. - Klikk for stort bilete"Alle" ville sjå i den store boka. 
Las eigne tekstar

I løpet av samlinga i gymnastikksalen framførte fem av elevane tekstar dei sjølv hadde skrive.

Ovidia Kålås las om «Ekspedisjon øde øy»

- Vi ville på ferie til ei øde øy. …….  Ein dag då eg skulle dykka, såg eg ein hai. Det var ein sitronhai. Det var skummelt. Det var cirka 50 varmegrader, las ho.

- I ein annan tekst står det om at «Eg hører fuglene kvitre og sola skinner, blomster vokser så søte og små. Trærne blomstrer, vannet glitrer små hus på vannet. Kyrkjeklokkene ringer.»

Ein ting er sikkert. Elevane på Landro kan lesa og skriva med både innleving og spenning.

Tobias i midten drøymer seg vekk når han les. Benjamin (til venstre) likar best å lesa dyrebøker, medan Karoline likar helst å lesa bøker som handlar om fotball. - Klikk for stort bileteTobias (i midten) drøymer seg vekk når han les. Benjamin (til venstre) likar best å lesa dyrebøker, medan Karoline likar helst å lesa bøker som handlar om fotball.  
Tobias likar godt å lesa bøker.

- Eg føler at eg er i ei eiga verd når eg les. Eg mistar liksom kontrollen over kvar eg er. Det er godt å drøyma seg litt vekk, seier han.

Lærar på Landro skule, Tonje Elisabeth Tuv Wilhelmsen, seier at alle elevane på skulen deltek i lesekonkurransen som varer mellom 20. april og 20. mai. Konkurransen omfattar både vanlege bøker og lydbøker.

- Elevane har vist stort engasjement, seier ho.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Lea Alekxandra Bontveit - Klikk for stort bilete
Ovidia Kålås - Klikk for stort bilete
Helene Kristiansen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Anita Lundberg (til venstre) og Tonje Elisabeth Tuv Wilhelmsen - Klikk for stort bilete