Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Nær 50 år i biblioteket

Anders Mongstad har i dag (26. februar) den siste arbeidsdagen sin på Straume bibliotek. Den spreke 68 - åringen har arbeidd 35 år i bibliotek her vest, fordelt på tre biblioteklokale på Straume. Tek vi med heile karrieren, manglar han berre eit halvt år på å ha arbeidd 50 år i bibliotektenesta.

Her viser Anders bøker han sjølv set pris på å lesa. - Klikk for stort bileteHer viser Anders bøker han sjølv set pris på å lesa. 

Bøker og lesing har prega heile livet til Anders. Han vaks opp på Frekhaug, og elska å lesa bøker.

- Då eg var 14 år, skulle eg til Bergen for å kjøpa bøker. Eg brukte så mykje pengar på dette at eg hadde ikkje råd til bussbillett heim. Dermed måtte eg gå heile vegen frå Bergen sentrum via Eidsvågneset til ferjeleiet på Salhus for å ta ferja heim til Frekhaug, seier Anders.

Anders starta karrieren i Bergen offentlege bibliotek i 1971. Frå 1985 til 2021 var han tilsett i i Fjell kommune og til sist Øygarden kommune. I Fjell var biblioteket lokalisert i Lieco-bygget på Straume då han tok til i 1985. Etter ein periode med bibliotek i Fjell rådhus, har Straume bibliotek halde til på Sartor Storsenter.

Han har også frakta bøker på veg og sjø. Han har køyrt bokbuss og vore på bokbåten Epos. Interessa for bøker har altså vore der heile tida, ikkje minst i ungdomen.

- Eg likte nok best spenningsbøker, og seriebøker som til dømes Hardy-guttene høyrde med. Seinare har leg lese mykje historiske spenningsbøker. Men reisebøker og reiseskildringar har nok engasjert meg mest. Døme på dette er bøker om Spania og Erica Fatlands reiseskildringar frå Russland og Himalaya, seier bibliotekaren.

- Kva framtid har boka og biblioteket?

- Boka vil bestå uansett, men vi tileignar oss lesestoffet gjerne på andre måtar. Under pandemien opplever vi noko mindre besøk, men folk lyttar mykje til lydbøker når dei er på tur eller gjer andre ting. Den nye tida er naturleg nok prega av digitalisering, seier Anders.

Klikk for stort bileteGode kollegaer for Anders på Straume bibliotek. Frå venstre Bente Fosse, Kenneth Johannessen, Jurgita Radulovic og Anders Mongstad  

Stortrivst på jobben

Han er svært takksam for tida han har hatt som bibliotekar.

- Eg har stortrivst i jobben og har hatt gode sjefar og kjekke kollegaer. Eg er sosial og likar å snakka med folk.

Anders Mongstad har halda tak i Marthare-prosjektet heilt sidan 1995. Det starta med at det kom eit jentefotballag frå slummen i Nairobi på besøk til Fjell. Dette skjedde kvart år fram til 2012 og kvart tredje år dei siste åra. Neste besøk vert etter planen i 2023.

Frå tida som bibliotekar i lokalet i Lieco-bygget. - Klikk for stort bileteFrå tida som bibliotekar i lokalet i Lieco-bygget. Framfor Anders sit Klara A. Skoge.   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I mange år har eldsjeler som Anders og Eli Bergsvik hatt kontakt med politikar Shadrack Juma frå Mathare. Gjennom Shadrack Juma Foundation har ein fått realisert eit bibliotek i den fattige bydelen der det i tillegg til utlån av bøker, vert gjeve opplæring i databruk.

- Vi har samla pengar og utstyr og fått god hjelp frå næringslivet og kommunen til dette prosjektet, seier Anders.

Biblioteket har hatt celebre besøk, mellom anna Reidar (Øyvind Blunck) på motorsykkel. - Klikk for stort bileteBiblioteket har hatt celebre besøk, mellom anna Reidar (Øyvind Blunck) på motorsykkel.   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På 2000-talet fekk Anders Frivilligprisen for arbeidet han i mange år har lagt ned for Mathare-prosjektet.

No er Anders Mongstad klar for pensjonisttilværet med heimen på Hjelteryggen som base. Han er også glad i å gå tur i Fjell, noko det vert rikeleg høve til med hytte på Kvamskogen
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke