Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Møtte leiinga i Vestland fylke

Kommunedirektøren og den politiske leiinga i Øygarden kommune fekk i dag besøk frå leiinga i Vestland fylkeskommune. Tema var mellom anna samferdsle, skule og kultur.

Frå venstre; Rune Haugsdal, Jon Askeland, Rune Lid, Tom Georg Indrevik, Anderas Kallekleiv, Jan Utkilen og Toralf Rutledal. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Rune Haugsdal, Jon Askeland, Rune Lid, Tom Georg Indrevik, Anderas Kallekleiv, Jan Utkilen og Toralf Rutledal. 

Fylkeskommunen møtte ved fylkesordførar Jon Askeland, fylkesrådmann Rune Haugsdal og rådgjevar Toralf Rutledal. Frå Øygarden møtte ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Rune Lid, leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen, og leiar av utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv.

Jon Askeland sa at Vestland fylke er det største verdiskapingsfylket i landet.

Jon Askeland - Klikk for stort bileteJon Askeland 

 

 

 

 

 

 




- Vi definerer oss som medspelar. Dei 43 kommunane i fylket er vår viktigaste allierte. Det er ønske om å vera på offensiven og spela kvarandre gode. Vi ønskjer dialog og fleire slike møte som dette, sa Askeland.

Rune Haugsdal viste til at fylket arbeider med ein utviklingsplan for 2020-2024 som har fire målformuleringar basert på berekrafsmåla til FN.

Mellom temaa på møtet på torsdag var mobilitet, busstilbod, fylkesvegar, vidaregåande skule, CO2-lagring, straumkapasitet ferjeavløysingsmidlar og kulturminne.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at det er behov for samhandling, ikkje minst når Øygarden kommune går inn i ein periode med mykje anleggsverksemd.

- Det er viktig å ha god dialog med fylkeskommunen. Det er avgjerande for utviklinga av den nye kommunen.  Det var både hyggeleg og nyttig å ha besøk av fylkesordføraren og fylkesdirektøren, seier Indrevik når han skal oppsummera møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke