Møtte leiinga i Vestland fylke og Bergen kommune

Den politiske og administrative leiinga i Øygarden hadde på fredag to separate videomøte med leiinga i Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Målet var å drøfta felles problemstillingar.

Frå videomøtet med Hordaland fylkeskommune. - Klikk for stort bileteFrå videomøtet med Hordaland fylkeskommune. 

 

Frå Øygarden deltok ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Atle Dåvøy og kommunedirektør Rune Lid. Frå fylket deltok fylkesordførar Jon Askeland, rådmann Rune Haugsdal og leiar eigedom, Jostein Fjærestad. Tema på møtet med fylkeskommunen var mellom anna vidaregåande skule, fylkesvegar og kollektivtrafikk/samferdsle.

Når det gjeld fylkesvegar, gav fylkeskommunen signal om at det kan verta aktuelt å få gjennomført eit pilotprosjekt knytt til gjennomføring/finansiering av fylkesvegprosjekt. Drøftingstema innan kollektivtrafikk/samferdsle var ferjeavløysingsmidlar knytt til Bjelkarøy/Lerøy-sambandet, busstilbod og behov for båtsamband mellom Øygarden og Bergen.

Deltakarar på møtet med Bergen kommune var byrådsleiar Roger Valhammer, kommunedirektør Robert Rastad og seksjonssjef Richard Taule hjå byrådsleiaren. Generelt var byrådsleiar Roger Valhammer oppteken av at Bergen kommune ønskjer å ha tett dialog med kommunane som grensar til Bergen og at det er behov for å fleire slike møte som dette seinare.

Også i møtet med Bergen kommune var mellom anna samferdsle og kollektivtransport med busstilbod, båttransporttilbod og Bjelkarøy/Lerøy tema. Også oppbygging av godshamn på Ågotnes, behovet for energi i bergensregionen og kva potensiale området vårt har som havregion vart drøfta.

Leiinga i Bergen kommune informerte om arbeidet med å realisera samfunnssikkerhetens hus. Dette samarbeidet starta opp i samband med Sykkel-VM i 2017. Det har resultert i at det vert etablert eit permanent beredskapssenter. Nabokommunane vert inviterte til å vera ein del av dette beredskapssenteret.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det er viktig for Øygarden kommune å ha god og løpande dialog med Vestland fylke og Bergen kommune.

- Vi har mange felles utfordringar og moglegheiter.  I samtalane fant vi at vi har felles ambisjonar for regionen vår. Vi har når avtalt nye fysiske møte rett etter sommaren der vi kan halda fram den gode dialogen, seier Indrevik.

Tekst og foto: Vigleik Brekke