Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Møte med treningssenter og serveringsbransjen

Treningssentera og serveringsbransjen er mellom dei bransjane som er hardast ramma av koronarestriksjonane. I samarbeid med Øygarden kommune inviterte Vest Næringsråd til videomøte i dag for å drøfta utfordringane.

Frå møtet med representar for treningssentera. - Klikk for stort bileteFrå møtet med representar for treningssentera. 

Det vart gjennomført eitt møte med treningssentera og eitt møte med serveringsbransjen.

På møtet med representantar for treningssentera sa ordførar Tom Georg Indrevik at denne bransjen er mellom dei som er hardast ramma av restriksjonane. Han viste til forskrifta som vart vedteken av sju kommunar i bergensregionen, mellom anna Øygarden kommune, den 6. november. Forskrifta gjeld til og med 23. november. Regjeringa gav klare føringar om at regionen måtte stå samla om nye pålegg og forbod. Innan fredag denne veka vert det teke stilling til om forskrifta skal vidareførast, endrast eller opphevast.

- Eg har vondt av bransjane som vert hardt ramma. Det er fint om vi får bidrag frå dykk som vi kan bringa vidare, sa ordføraren som også understreka at ein ikkje lokalt kan gå imot klare råd frå sentralt hald.

For treningssentera er det primære målet av dei kan opnast for publikum, men dei er også innstilte på å gjennomføra nødvendige smitteverntiltak. Representantar for bransjen gav uttrykk for at det først etter sommaren 2021 er forventa tilnærma normal drift av treningssentera. Dei understreka at det er påvist minimalt med smitte på treningssentera. Bransjen representerer derimot eit viktig bidrag til å fremja god helse. Andre tema treningssenterbransjen er opptekne av er permitteringsreglar og kompensasjonsordningar.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, viste til haldningskampanjen, «Takk for at du handlar i Øygarden». Han tok til orde for å oppretta ei ressursgruppe som arbeider med dette mellom anna for treningssentera.

Frå møtet med serveringsbransjen. - Klikk for stort bileteFrå møtet med serveringsbransjen. 

 

 

 

 

 

 


Utfordringar for serveringsbransjen

Måndag føremiddag var det også møte med restaurant- og serveringsbransjen. Her viste Ledang og Indrevik til at dei ønskjer erfaringar frå bransjen.

Restriksjonane har slått noko ulikt ut for denne bransjen. Nokre er hardare ramma enn andre. D\

Representantane for bransjen understreka at det er trygt å eta ute. Det er likevel ein vanskeleg balansegang mellom oppmodinga frå sentralt hald om at vi skal halda oss mest mogleg heime og at det samstundes er trygt å nytta serveringsstadene som held seg til smittevernreglane. Fleire gav uttrykk for at det er krevjande å arrangera julebord. Eit alternativ kan vera at arbeidsgjevarane gjev dei tilsette gåvekort som kan brukast utan å vera samla i større grupper.

Serveringsbransjen støttar opp om eit forslaget om å gjennomføra ein kampanje som både tek omsyn til oppmodinga om at ein bør halda seg heime og at det er trygt å eta på serveringsstader.

Tekst og foto: Vigleik Brekke