Minnemarkering for 22. juli

I dag var det minnemarkering på Stranda skule. Omlag 30 personar møtte fram.Fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg   

Det vart lagt ned minnekrans og blomar frå ulike lag og organisasjonar.
Fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg la ned roser frå Øygarden kommune og hadde fylgjande helsing:
«Vi må aldri gløyma 22. juli og terrorhandlinga i 2011. Øygarden kommune minnes dei som mista livet, vart skada og deira familiar, med kjærleik og vyrdnad».

Fredag er det 11 år sidan terroren på Utøya som førte til at 69 personar vart drepne på AUF sin sommarleir. Åtte personar vart samme dag drepne i ein bombeeksplosjon i regjeringskvartalet i Oslo.
Minnestøtta ved Stranda skule  

Foto: Åse Gunn Husebø