Miljøløftemøte i Øygarden kommune
Det handla mellom anna om kollektivprisar, fordeling av planleggingsmidlar, aktivitetsplan og bypakke Bergen då styringsgruppa for Miljøløftet hadde møte 18. januar. Denne gongen var møtet lagt til Øygarden.
Frå møtet 18. januar i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume
Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylke og fem kommunar som har mål om nullvekst i personbiltrafikken i bergensområdet. Dette skal skje gjennom meir kollektivtrafikk, fleire gang- og sykkelvegar og betre arealbruk.
Det skal fram til 2029 brukast 25 milliardar kroner for å nå desse måla. I Øygarden skal det etter planen brukast 461 millionar kroner inklusive beløningsmidlar i perioden 2019-2029.
I presentasjonen av aktivitetsplan 2023 går det fram at kulverten i Idrettsvegen på Straume skal opnast denne våren. Etter planen er arbeidet med dette miljøløfteprosjektet fullført i løpet av februar.
Øygarden kommune er representert i styringsgruppa ved ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik.
Her kan du lesa saksliste med saksdokument.
Her er aktivitetsplan for 2023. (PDF, 2 MB)
Møtet vart overført på kommune-TV.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 18.01.2023 11.51