Miljøfyrtårnsertifikat til Haakon Ellingsen AS
Måndag fekk Haakon Ellingsen AS på Ågotnes overrekt Miljøfyrtårnsertikat. Bedrifta leverer ventilstyresystem og verkstad- og servicetenester til olje- og gassindustrien.
Ordførar Tom Georg Indrevik og avdelingsleiar Thomas Toska.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som overrekte Miljøfyrtårn-sertifikatet til avdelingsleiar og salsdirektør Thomas Toska i dei lyse og reine verkstadlokala på Ågotnes.
Haakon Ellingsen har hovudkontoret på Skui og avdelingskontor på Ågotnes. Pr. dato er det 42 tilsette i selskapet, 12 av dei på avdelinga på Ågotnes.
Avdelinga på Ågotnes legg vekt på å skapa eit godt miljø for dei tilsette. I enden av verkstaden er det laga ein kafékrok med namnet Ellinor.
- Vi legg mellom anna vekt på kjeldesortering. Det er investert i vaskeutstyr som samlar opp avfall. Bedrifta tilbyr også lærlingplass, og dei aller fleste av desse har fått jobb, seier Toska.
Han fortel at bedrifta, som vart etablert i 1962, har bra med oppdrag og går med pluss. Han reknar med at omsetninga i 2022 vil enda på om lag 140 millionar kroner. Ein av dei viktigaste kundane til Haakon Ellingsen AS er Equinor.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete:
Publisert 05.12.2022 16.04