Melder om ekstremt høg vasstand

Meteorologisk institutt melder om ekstremt høg vasstand for Vestlandet sør for Stad  natt til tysdag.  Det er fare for overfløyming og øydeleggingar på gjenstandar i strandsona.

Klikk for stort bileteArkivfoto Kjell Andersland  

I varselet heiter det at vasstanden er forventa å verta 80 – 100 centimeter over høgda som er gjeve opp i tidevasstabellane. Den mest kritiske fasen er mellom klokka 23.00 måndag 10. januar og tysdag 11. februar klokka 03.00.

Meteorologisk institutt rår folk frå å ferdast i strandsona og ber folk å vurdera å ta båten på land og sikra lause gjenstandar i naust og i strandsona.

Tekst: Vigleik Brekke