Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Meld deg på Sykle til jobben!

Sykle til jobben er ein årleg kampanje som har som mål å få flest mogleg i aktivitet. I tillegg set ein fokus på aktiv reiseveg.

Arkivfoto; Kjell Andersland - Klikk for stort bileteArkivfoto; Kjell Andersland 

Dette er viktige tema når kommunen no er i gang med å utarbeida ny samfunnsdel til kommuneplanen. Dette året går aksjonen føre seg i perioden 20. april til 18. juni. For innbyggjarane og tilsette i Øygarden er påmelding til aksjonen gratis.

Kampanjen er ein lågterskel, sosial og miljøvennleg konkurranse der deltakarane loggfører all aktivitet. I 2020 hadde Sykle til jobben 33 tusen deltakarar. Det er mogleg å delta både individuelt eller som lag på inntil fem personar saman med venene dine eller kollegaer.

- Vi ønskjer å motivera folk til å vera meir aktiv i kvardagen. Det siste året har ført til at fleire opplever at dei er mindre aktive enn før med både heimekontor, og at aktivitetstilbod i stor grad har vore stengde som følgje av korona-pandemien. Vi håpar gjennom denne kampanjen å kunna skapa eit fellesskap i den tida vi står i no, og motivera til å kome i gang med fysisk aktivitet, seier arealplanleggjar Hilde Greve.

All aktivitet tel. Det handlar derfor ikkje berre om sykling. Døme på aktivitetar er padling, løping, symjing, klatring, fjellturar og styrketrening. Deltakarane registrerer sjølv aktiviteten, og den kan også koplast opp mot Strava om de allereie nyttar den appen.

For å skapa ein ekstra motivasjon for å bli med å årets kampanje, kan Greve skilta med flotte premiar som både kommunen trekkjer blant innbyggjarane, og som Bedriftsidretten trekkjer blant alle påmelde.

Les meir om Sykle til jobben her og meld deg på​​​​​​​. Hugs at deltakinga i aksjonen er gratis.