Meld deg gjerne som frivillig!

Den ekstraordinære situasjonen med koronavirus fører til behov for frivillige til å hjelpa med praktiske ting som levering av mat for dei som ikkje kjem seg av garde på eiga hand. Kulturleiar Christel Møvik-Olsen inviterer frivillige til å vera med på felles dugnad.

Klikk for stort bilete 

Sund og Fjell Røde Kors ønskjer å rekruttera personar som kan hjelpa til om det vert behov i tida framover i Øygarden kommune.

- Du kan registrera deg som frivillig i beredskap, men du forpliktar deg ikkje til noko anna enn å verta kontakta ved behov, seier Møvik-Olsen.

Registrering Frivillig i Beredskap

Nokre butikkar køyrer ut mat til kundane, men i denne situasjonen kan dei få kapasitetsproblem. Difor må innbyggarane vurdera nøye om dei har behov for levering eller om dei har nokon som kan hjelpa dei.

Kulturleiaren seier at saman må vi ta ein dugnad på dette.

- Dersom butikkane får høg etterspørsel på dette, så vert beredskapssystemet til Røde Kors sett i verk for å hjelpa innbyggjarar. Beredskapen til Røde Kors er nå sett på gult nivå. Frivillige rådgjevarar i kommunen held tett kontakt med Røde Kors og hjelper til i dette arbeidet, seier Møvik Olsen.

Tilbod om levering av mat frå daglegvareforretningar

Gamle Øygarden:

  • Snarkjøp (Landhandel Heggholmen på Tjeldstø): Her vert det køyrt varer heim til folk: 56389349/92645146 v/May Britt Heggholmen (Kiwi og Spar på Rong har ikkje heimkøyring, men May Britt hjelper dei som treng det)
  • Spar Tjeldstø: 902 85 778

Gamle Fjell:

  • Rema1000 Ågotnes: 56 32 05 86 e-post: agotnes@rema.no (vil helst venta med oppdrag f.o.m. måndag, og dei må ta atterhald om at det ikkje vert for mykje utkøyring så det går utover kapasitet i butikken)
  • Joker Brattholmen: 56 33 07 80 (berre oppdrag på Litlesotra).

Gamle Sund

  • Rema 1000 Skogsvåg: 56 31 77 75

Elles har vi daglegvarer på nett som leverer på Sotra, sjølv om det står Bergen på nettstad. Her må ein registrera seg som kunde.

Her kan du lesa om drosjenæringa som stiller seg til disposisjon (artikkel i Vestnytt).

Foto: Mostphotos