Meiningsfull kvardag

I lokala til Straume arbeids- og aktivitetssenter er det god aktivitet sjølv om koronaviruset får enkelte konsekvensar for drifta. I Øygarden er det tre slike senter; Straume, Skogsvåg og Rong.

Veronica Krogenæs strikkar sitjeunderlag, medan Rune Kaalaas makulerer post-it-lappar. - Klikk for stort bileteVeronica Krogenæs strikkar sitjeunderlag, medan Rune Kaalaas makulerer post-it-lappar. 

Ein konsekvens av koronaviruset, er at aktiviteten er noko redusert. Til saman er det 11 fast tilsette og 35 brukarar på plass på Straume arbeids- og aktivitetssenter. Aktiviteten vil gradvis auka mot normalt nivå etter kvart som smittesituasjonen gjer det mogleg. Senteret fekk nye lokale på Straume i 2016.

- Dette er eit tilbod til både heimebuande og dei som bur i bufellesskap og omsorgsbustader, seier avdelingsleiar May-Liss Snekkevik.

Anette Havre Økland fortel at grunnprodukta i dei ulike avdelingane er sitjeunderlag (tova), ved og tennbrikettar. Andre produkt er påskepynt, julepynt og andre produkt knytt opp mot årstider og høgtider.

- Akkurat no har vi ei utfordring med at vi har for lite brukte stearinlys til produksjon av tennbrikettar. Vi har innsamlingsboksar på Norengros, rådhuset, Europris Sartor Storsenter og biblioteket. I tillegg har vi ein postkasse utanfor lokala våre i Idrettsvegen 143. Der kan folk levera inn brukte stearinlys-restar, seier Havre Økland.

Skal du sikra deg litt ved til neste vinter, kan du få ein sekk med tømmer/-blandingsved for 50 kroner (60 liter). Prisen for palleved er 30 kroner pr. sekk.

Her er fleire bilete frå Straume arbeids- og aktivitetssenter:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Senteret nyttar avansert vedkløyvemaskin - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Renate Sedal kokar tennbrikettar. Ho er også med i kantina. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Tennbrikettar - Klikk for stort bilete
Yasna Delgadio strikkar tøfler. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Anette Havre Økland  - Klikk for stort bilete

Anette