
Kommunedelen sin arealdel (KPA) er på rullering og kommunen ønskjer næringslivet sin medverknad i arbeidet. Saman med Vest næringsråd inviterer derfor Øygarden kommune næringslivet inn til eit møte der vi deler tankar om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Vi ønskjer å inkludera næringslivet tidleg for å sikra at planarbeidet blir realistisk og framtidsretta, samtidig som det styrkar lokalsamfunnet si evne til å møte framtida sine behov. Vi veit óg at næringslivet sit på verdifull erfaring og innsikt i korleis arealbruk påverkar kvardagen. Vi skal sjå på heilskapen no og utviklinga for framtida.
Administrasjonen vil informera om arbeidet så langt, og gir eit innblikk i utfordringar og moglegheiter for framtida. Vi har mellom anna gjennomført analysar av næringsareal i dagens arealdelar, og sett på bruk og potensiale i desse areala.
Gjennom ein arbeidsverkstad legg vi til rette for at dei ulike bransjane kan drøfte utfordringar og moglegheiter, samt medverke til strategiar for arealbruk.
Vi håpar du, eller nokon frå din organisasjon, vil nytta anledninga til å vera med.

Program
- Kl. 08.30 Kaffi og prat
- Kl. 09.00 Velkommen ved utvalsleiar i Kommuneplanutvalet (KPU) Svein Otto Jacobsen og dagleg leiar i Vest næringsråd Kari-Anne Landro
- Kl. 09.15 Øygarden deler frå arbeidet med arealdelen v/administrasjon
- Kl. 10.15 Kva treng vi frå næringslivet? v/administrasjon
- Pause
- Kl. 10.45 Arbeidsverkstad der de får drøfta utfordringar og moglegheiter med bransjekollegaer og medverke til strategiar for arealbruk
- 11.45 Kva skjer vidare i arbeidet med arealdelen v/administrasjon
Påmelding
Meld deg på her (nettsida til Vest Næringsråd)
Påmeldingsfrist 17. februar 2025.
Meir informasjon
Arealdelen er i prosess og du kan følgje utviklinga her. Her publiserer vi alt av kunnskapsgrunnlag fortløpande.