Markerte opning av aktivitetsskap

Måndag denne veka var det offisiell opning av aktivitetsskap for eldre i omsorgsbustader og institusjon. Ordførar Tom Georg Indrevik var også på plass på markeringa.

Fjell sjukeheim, Straume bu- og servicesenter, Sundheimen, Kvednatunet bu – og servicesenter, Tednebakkane og Øygarden lokalmedisinske senter har alle fått aktivitetsskap med same innhald. - Klikk for stort bileteFjell sjukeheim, Straume bu- og servicesenter, Sundheimen, Kvednatunet bu – og servicesenter, Tednebakkane og Øygarden lokalmedisinske senter har alle fått aktivitetsskap med same innhald. 

Aktivitetsskapet er eit synleg skap som no finst i kvar avdeling på alle institusjonane i  kommunen. Ikkje alle skapa er like når det gjeld innhald, men alle har aktivitetar som dekkjer områda innan kognisjon, kreativitet, fysisk, finmotorikk, velvære og det digitale.

- Tilbakemeldingane på aktivitetsskapet er for det meste positive. Aktivitetane som vart brukte vart litt ulike frå stad til stad, men overalt vart dei tekne godt imot, seier ergoterapeut Alyce Levik.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at dette var ein spennende presentasjon av eit svært innovativt prosjekt som kjem svært mange til gode.

- Eg håpar at mange vil ta i bruk innhaldet i aktivitetskapa for å gje bebuarane ein endå betre kvardag, seier ordføraren.

Tverrfagleg prosjekt

Tiltaket er ein del av eit tverrfagleg prosjekt med deltakarar frå Kvednatunet, Straume bu- og servicesenter, Fjell sjukeheim der Alyce Levik har vore prosjektleiar. Det er gjennomført ei kartlegging på institusjonane våre, med bebuarane, tilsette, leiarar og terapeutar der formålet var å kartleggja kva aktivitetar eller ressursar vi har tilgjengeleg allereie, og der det er eit framtidig behov.

Prosjektgruppa har vore samansett av musikkterapeutar, ergoterapeut, fysioterapeut, tilsetterepresentant frå Øygarden lokalmedisinske senter og styrar ved Kvednatunet bu- og servicesenter og Sundheimen. Prosjektgruppa vart danna på oppmoding frå mellom anna Janne Mo.

I september starta arbeidet i prosjektgruppa med aktivitet og fordeling av aktivitetstilskot på 1,7 millionar kroner, øyremerkt eldre i institusjon. Tilskotet er ein del av «Leve heile livet»- reforma, som m.a. skal fremja aktivitet og minska einsemd hjå eldre.

- På prosjektmøta prata vi ein del om korleis vi kan auka aktivitet på avdelingane som er ikkje drive av terapeutar. Då enda vi opp med å laga aktivitetsskip, seier Levik.

Andre aktivitetar

Andre aktivitetar/opplevingar der budsjettet er brukt/tileigna er terapihund med besøk til alle institusjonane, om lag 20 konsertar, bingo, musikkinstrument, demensdokker, utstyr til trimgrupper, utstyr til hagearbeid, plantekasse og motitech-syklar. Det har også vore samarbeid med frivillige, som fotoklubb på Tednebakkane omsorgssenter og middagsvert med bebuarane på Straume bu- og servicesenter.

Fjell sjukeheim, Straume bu- og servicesenter, Sundheimen, Kvednatunet bu – og servicesenter, Tednebakkane og Øygarden lokalmedisinske senter har alle fått aktivitetsskap med same innhald.

Guri Dypvik og Sandra Torsteinsen bidrog med song og musikkinnslag på opninga.


Tekst: Vigleik Brekke/Alyce Levik
Foto: Alyce Levik

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete