Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Markerte helikopterulukka

I dag er det fem år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Pårørande, representantar frå Equinor og ordførar i Øygarden markerte dette med å leggja ned kransar og blomar ved minnesteinen som er plassert i nærleiken av ulukkesstaden. Det vart også halde minnetalar under markeringa.

rå markeringa ved minnesteinen. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, pårørandekontakt i Equinor, Irene Dahl Frøysland, direktør i Equinor, område vest, Geir Sørtveit og Marit Berling som var plattformsjef på Gullfaks i 2016. - Klikk for stort bileteFrå markeringa ved minnesteinen. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, pårørandekontakt i Equinor, Irene Dahl Frøysland, direktør i Equinor, område vest, Geir Sørtveit og Marit Berling som var plattformsjef på Gullfaks i 2016. 

Det var den 29. april 2016 at helikopteret styrta og 13 menneske omkom. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.

Marit Berling var plattformsjef på Gullfaks i 2016 då ulukka skjedde.

- Det er folka dine, Marit. Dette er den verste beskjeden vi kan få, sa Berling.

Direktør i Equinor, område vest, Geir Sørtveit, sa at medarbeidarane skulle heim til sine kjære, men dei kom aldri heim.

- Det er mitt ansvar at alle kjem trygt heim. Det er eit tungt ansvar. For fem år sidan gjekk det frykteleg gale. Turøy-ulukka er ei av dei mest alvorlege ulukkene i norsk petroleumshistorie. Vi vil gjera alt vi kan for at det ikkje skjer igjen, sa Sørtveit og understreka at dette var først og fremst tungt for dei pårørande.

Mange hadde lagt ned blomar på minnsteinen i dag. - Klikk for stort bileteMange hadde lagt ned blomar på minnsteinen i dag. 

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at denne ulukka minner oss om kor skjørt det er.

- Kvar dag lever vi med helikoptertrafikken. Eg takkar alle kommunetilsette og naudetatane for hjelpearbeidet i samband med ulukka. I dag handlar det først og fremst om dei som har mista sine kjære, sa ordføraren.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete: 

Marit Berling - Klikk for stort bilete
Geir Sørtveit - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Representantane frå Equino - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete