Markerte etablering av Øygarden brann og redning IKS

Øygarden brann og redning - Bjørn Olav, Børge og Per Gunnar - Klikk for stort bilete Den 6. februar var det ei enkel markering av etableringa av Øygarden brann og redning IKS. Selskapet var operativt frå og med 1. januar 2018 og har om lag 70 tilsette. 

Her vert kaka opna av ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og styreleiar Per Rune Eikeseth. - Klikk for stort bileteHer vert kaka opna av ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og styreleiar Per Rune Eikeseth. Markeringa fann stad i Ågotnes brannstasjon frå klokka 18 til 20. I underkant av 60 personar var til stades. Det var ei fin blanding av tilsette, representantar frå styret og representantskapet.

Det var hyggeleg at ordføraren i Sund og Øygarden og varaordføraren i Fjell var til stades. Også representantar frå lokalt politi og Hordaland Sivilforsvarsdistrikt var på plass. Det var også beredskapsleiaren i Fjell.

Det går fram av bileta at vår nye medarbeidar Bjørnis også kasta glans over forsamlinga.

Bjørn Olav Paulsen
brann- og redningssjef - Øygarden brann og redning IKS


Alle foto: Geir Jensen

 

Her er fleire bilete frå markeringa:

 

Øygarden brann og redning . Lagbilde 2.jpeg - Klikk for stort bilete

Øygarden brann og redning Bjørnis.jpeg - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.02.2018
Fann du det du leita etter?