Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Markerte avslutning for koronatiltak

Fredag vart ein spesiell dag for Sirianne Hellerud. Då vart det markert at ho i eitt og eit halvt år har leia arbeidet retta mot næringslivet som har hatt særlege utfordringar med koronaviruset.

I forgrunnen; Sirianne Hellerud. Bak frå venstre; Jøran Ingvaldsen, Fredrik von der Ohe, Lone Kalvenes, Monica Hovland, Rikard Ledang, Anders Ekanger, Øyvind Langedal, Lennart Fjell, Rune Landro og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteI forgrunnen; Sirianne Hellerud. Bak frå venstre; Jøran Ingvaldsen (filmskapar), Fredrik von der Ohe (informasjon Øygarden) kommune, Lisbeth Spilde Waagen (rekneskap Vest Næringsråd,) Monica Hovland (informasjon Øygarden kommune,) Rikard Ledang (dagleg leiar Vest Næringsråd), Anders Ekanger (informasjonsansvarleg Vest Næringsråd), Øyvind Langedal (administrerande direktør CCB), Lennart Fjell (tidlegare Øygarden kommune), Rune Landro (kommunedirektør) og Tom Georg Indrevik (ordførar). Filmskapar Lone Kalvenes og tilsette i Øygarden næringsutvikling var ikkje til stades då biletet vart teke.        

Men Sirianne Hellerud har ikkje vore åleine om dette. Ho har vore knytt til Vest Næringsråd som har vore ein viktig samarbeidspartnar for kommunen i arbeidet med å hjelpa næringslivet i ei utfordrande til. Seinare har Øygarden næringsutvikling vore kopla på dette arbeidet og mellom anna administrert tildeling av støtte til bedrifter og verksemder som hatt særleg behov for økonomisk støtte

Kommuneleiinga og Vest Næringsråd hadde tidleg dialog med næringslivet etter at landet stengde ned 12. mars 2020. Formannskapet behandla ei sak der det vart løyvd pengar til prosjektet og at ein skulle gjennomføra prosjektet i samarbeid med Vest Næringsråd. Også fylkeskommunen har gjeve støtte til prosjektet. 110 bedrifter har fått økonomisk støtte gjennom fleire tildelingsrundar.

Det vart oppretta ein servicetelefon næringslivet kunne nytta, og i samarbeid med kommunen fekk ein på plass Vekstportalen.no på kort tid. I løpet av prosjektperioden er det produsert ei rekkje videoar der hovudbodskapen har vore oppmoding om å nytta lokalt næringsliv. Kampanjen «Takk for at du handlar i Øygarden», «Takk for at du byggjer i Øygarden» og «Takk for at du trenar i Øygarden» har fått godt gjennomslag. Nettstaden Vekstportalen vil halda fram.

Ordførar Tom Georg Indrevik var først ut med takk på markeringa i dag.

- Dagleg leiar Rikard Ledang i Vest Næringsråd fiksa møte på Teams næringslivet på kort varsel. Det er positivt at næringslivet ved Vest Næringsråd, organisasjonar og kommunetilsette kan gjera noko saman i ein slik situasjon, sa ordførar Tom Georg Indrevik då prosjektet vart avslutta med særleg takk til Sirianne Hellerud som har leia arbeidet til dagleg. Den 1. oktober tok ho til som dagleg leiar i Øygarden KFUK KFUM.

Rikard Ledang rosa Hellerud for arbeidet ho har gjort for næringslivet i Øygarden i ei krevjande tid.

- Du har vist at du er har vore utruleg godt kvalifisert til jobben, sa Ledang.

Lennart Fjell som var saksbehandlar av sakene som vart behandla av formannskapet, sa at Sirianne var imøtekomande, nysgjerrig og flink til å ta kontakt.

- Du lyttar, tar til deg kunnskap, er klok og kjem med strålande idear. Ta med deg det vidare, sa Fjell.

Tekst og foto: Vigleik Brekke