Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Markerer verdsdagen for psykisk helse

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. I Øygarden vert dagen markert denne og neste veke. Tema for dagen i år er: Spør meir.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Det vert ubetent stand på dei tre biblioteka/innbyggjarservice i Skogsskiftet, på Straume og på Rong.

På standen kan du finna informasjon om psykisk helse og ulike gratis nips og liknande folk kan ta med seg. Standen står framme frå 13. til 23. oktober.

I veke 42 og 43 ønskjer vi også å utfordra alle arbeidsplassane i kommunen til å laga si eiga  markering med fokus på psykisk helse 

Her er døme på aktivitetar:

  • servera vaflar
  • litt ekstra tid til ein kaffikopp
  • sei nokre venlege ord til kollegaen din
  • ha psykisk helse som tema i personalmøte osb.