Mangfald i Kystsogevekene

Kystsogevekene_Logo.png - Klikk for stort bilete Du kan velja mellom ei rekkje av kulturtilbod når Kystsogevekene vert offisielt opna den 12. august. I Fjell er det oppført fire arrangement i dei fire veker lange Kystsogevekene som vert avslutta den 17. september.

Den offsielle opninga av Kystsogevekene skjer i Strusshamn den 12. august. - Klikk for stort bileteDen offsielle opninga av Kystsogevekene skjer i Strusshamn den 12. august. Vigleik Brekke Den offisielle opninga av Kystsogevekene skjer på Strusshamn i Askøy kommune laurdag den 12. august. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, står for den offisielle opninga klokka 13.00. På opningsdagen strekkjer programmet seg frå klokka 11 til 17. Her kan du vera med på kulturhistorisk vandring, låna robåtar og kanoar, segla saman med kyndige folk frå Askøy seilforening og ta deg ein kopp kaffi nyta kortreist mat.
 

Øygarden er det i samband med Kystsogevekene planlagt desse arrangementa:
Eg rodde meg ut - Utstilling - Kystmuseet i Øygarden - Laurdag 12. aug - 17. sep 2017 Livet ved havet - Utstilling - Kystmuseet i Øygarden - Laurdag 12. aug - 17. sep 2017 Øygarden Visningssenter - Båttur/Utstilling/Omvisning - Laurdag 12. aug - 17. sep 2017

Strileshow - Cato ,Claus & Harald Dahlstrøm - Fredag 25. august, kl. 19.00 (PDF, 3 MB)
Strilen i Irland - Foredrag og konsert - Kystmuseet i Øygarden - onsdag 6. september

Her kan du lesa programmet i Sund og Fjell.


Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland fylkeskommune. Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulera og virka som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.08.2017
Fann du det du leita etter?