Mange fekk prisar på kultur- og idrettsgallaen

Det var verkeleg prisdryss på kultur- og idrettsgallaen i kultursalen i Øygarden rådhus fredag kveld.
- Eg fekk ei purring på invitasjonen til arrangementet. Då ante eg at noko var på gang, seier Trygve Fjeldstad som fekk kulturprisen.

Frå venstre; kulturleiar Christel Møvik-Olsen, kulturprisvinnar Trygve Fjeldstad og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kulturleiar Christel Møvik-Olsen, kulturprisvinnar Trygve Fjeldstad og ordførar Tom Georg Indrevik.

I grunngjevinga for kulturprisen heiter det at Trygve Fjeldstad har i svært mange år vore ein viktig bidragsytar til ta vare på, læra meir om og fremja kulturelle aktivitetar.

- Han var ei stor drivkraft bak fredinga av Tjeldstømarka. Likeeins har han arbeidd mykje med oppmerking av nordsjøløypa- og no nyleg avslutta registrering samt kartmerking av torvhusa der. Trygve har lagt ned eit stort arbeid for å bevara desse unike steinhusa for ettertida. Trygve har også vore til stor hjelp for personar frå andre bygder når det gjeld informasjon om gamle skøyter og grenselinjer, heiter det i grunngjevinga for prisen. Les heile grunngjevinga her. (PDF, 114 kB)

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som delte ut prisen, og prisvinnaren var ikkje snauare enn at han vende seg til kommuneleiinga når han først «var så nær».

- Det var godt å få ein slik pris. Eg har engasjert meg i historie og kultur. Dette må vidareformidlast vidare til neste generasjon, sa prisvinnaren.

- Korleis opplevde du dette?

- Eg kjenner meg heidra, glad og stolt. Dette er ei anerkjenning for den jobben som er gjor. Når det gjeld torvhusa er dei i ei dårleg forfatning. Kommunen må kunna bidra her ved å få i stand møte med grunneigarane og sikra midlar til å bevara torvhusa, seier Trygve Fjeldstad.

Den som oftast måtte ta turen opp på podiet av publikummarane, var nok Halvard Kallestad. Han var mellom dei i idretten som vart heidra med rose. For det andre fekk han Idrettens heiderspris (PDF, 62 kB) for å vera ei eldsjel ved å stå bak idear og gjennomføra store prosjekt.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, frivilligprisvinnar Halvard Kallestad og leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, frivilligprisvinnar Halvard Kallestad og leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen.

Frivilligpris

For det tredje fekk Halvard Kallestad Frivilligprisen. I Frivilligåret 2022 vart det delt ut 12 prisar, ein for kvar månad. På kultur- og idrettsgallaen skulle ein av dei 12 plukkast ut til å få Frivilligprisen. Og den gjekk altså til Halvard Kallestad.

-  Halvard er ei eldsjel som har brukt og brukar framleis uendeleg med frivillige timar som utruleg mange menneske får glede av! Han gjer alt med glimt i auga, byr på seg sjølv og har ei inspirerande begeistring for det han held på med. Når Halvard arrangerer aktivitetar står det å prøve noko nytt, meistring, og å ha det gøy i lag i fokus! heiter det i grunngjevinga for prisen. Les heile grunngjevinga her. (PDF, 107 kB)

Frå venstre; Christel Møvik-Olsen, Runhild Sivertsen Rokkan (turlaget), Heide Reisegg Endal (turlaget) og Jan Utkilen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Christel Møvik-Olsen, Runhild Sivertsen Rokkan (turlaget), Heidi Reisegg Endal (turlaget) og Jan Utkilen.

Folkehelsepris til turlag

Sotra og Øygarden Turlag fekk Folkehelseprisen for arbeidet med Kystpasset. Med Kystpasset har Sotra og Øygarden Turlag aktivisert mange tusen personar frå Øygarden kommune og mange andre stader i Noreg.

- I 2021 vart det registrert om lag 27 000 turar i "Sjekk-ut appen". I tillegg kjem dei som ikkje registrerte turane på mobiltelefonen. Etter at Kystpasset starta i 2013, er det delt ut mange tusen kystpasshefter og klippekort, om lag 18 000 i 2021…….. Under Covid 19 pandemien auka talet på personar som nytta seg av Kystpasset, dramatisk. Dette var eit fantastisk godt tiltak for å aktivisera folk i ei vanskeleg tid, heiter det i frå nominasjonen. Les heile grunngjevinga her. (PDF, 133 kB)

Frå venstre; Linn Karin Østgueln (MOT), prisvinnar Ruth M. Holbæk og Lars Johan Fløisand-Hansen (MOT). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Linn Karin Østgulen (MOT), prisvinnar Ruth M. Holbæk og Lars Johan Fløisand-Hansen (MOT).

Lærar fekk MOT til å glede-pris

Lærar på Sund ungdomsskule, Ruth M. Holbæk var nominert av fleire. Her er nokre av grunngjevingane frå elevane:

- Ruth M. Holbæk var den beste læraren eg nokon gong har hatt Ho gjorde ungdomskuleåra dei aller beste og var alltid positiv og hjelpsam med absolutt alt.
- Ho er der for elevane sine når det trengst, og for å gjera skuledagen betre for både elevar og lærarar.
- Eg stemmer for Ruth. Ho stiller opp for alle. Alltid! Positiv, hjelpsam og med digert hjarte.

Frå venstre; Oddvar Monslaup, Halvard Kallestad (vinnar Idrettens heiderspris) og Keveen Kumar (vinnar Idrettens heiderspris ungdom) - Klikk for stort bileteFrå venstre; Sturle Halleraker (Øygarden idrettsråd), Halvard Kallestad (vinnar Idrettens heiderspris) og Keveen Kumar (vinnar Idrettens heiderspris ungdom).

Idrettens heiderspris til ungdom 2022

Denne prisen gjekk til Keeven Kumar. Prisen går til en ungdom mellom 15-20 år, enkeltpersonar, eit lag eller  unge i organisasjonar, som gjennom frivillig arbeid har utmerkt seg ved ein særleg innsats ovanfor barn og unge i sitt nærmiljø.

- Prisen for 2022 går til ein person som har en kreativ, men streng trenarstil. Det er mykje humor og latter på treningane, men som krev at ein skal også høyra etter, koma presis og ha god innsats, heiter det i grunngjevinga. Les heile teksten her. (PDF, 62 kB)

Vivian Steinsland fekk heiderspris frå Sotra Musikkråd. Oddvar Rebnord delte ut prisen. - Klikk for stort bileteVivian Steinsland fekk heiderspris frå Sotra Musikkråd. Oddvar Rebnord delte ut prisen.

Musikkpris til Vivian Steinsland

Sotra Musikkråd delte også ut heiderspris. Denne gjekk til Vivian Steinsland. Vivian var «på jobb» og hadde to musikalske innslag denne kvelden saman med Malene Kleppevik og band.

Men ho slapp ikkje heilt unna med det. På vegner av Sotra Musikkråd overrekte Oddvar Rebnord prisen til den lokale artisten som har vore og er engasjert i ei rekkje lokale song- og musikkprosjekt. To av dei dei siste prosjekta er Kystkulturkoret og Folkemusikkpub i fjero.

- Ho er leiar for Kystkulturkoret på Tofterøy, og er i dag leiar for Folkeakademiet Vest der ho på kort tid har synleggjort kva Folkeakademiet er, gjennom mange program og arrangement i heile kommunen, med formålet, «Kultur der du bur»..... , .. ein stor songar og kulturformidlar i heile Øygarden kommune, går det mellom anna fram av grunngjevinga frå juryen. Her kan du lesa heile grunngjevinga. (PDF, 79 kB)

Tony Ågotnes leia kultur- og idrettsgallaen på ein munter og ledig måte. Rong Brass var husband og sette det heile inn i ei flott musikalsk ramme. Det var korinnslag frå Fjellkoret og kulturskulekoret og innslag frå Sotra Teaterlag.

Det var vidare innslag ved Emil Husby (gitar), Sotra Taekwondo, Vida Elvemo (piano), Sotra Turn, dans med Malgorzata/kulturskulen og MOT-filmen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Emil Husby - Klikk for stort bilete
Vida Elvemo framførte Måneskinnssonaten (Op. 27 No2 (Beethoven) - Klikk for stort bilete
Dans - Klikk for stort bilete
Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Turn - Klikk for stort bilete
Turn - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Rong Brass - Klikk for stort bilete
Fjellkoret - Klikk for stort bilete
Desse vart heidra for innsats innan idrett. - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Taekwondo - Klikk for stort bilete
Taekwondo - Klikk for stort bilete
Dans - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Kulturinnslag - Klikk for stort bilete
Desse vart heidra for innsats innan kultur. - Klikk for stort bilete
Konferansier Tony Ågotnes - Klikk for stort bilete
Ruth M. Holbæk - Klikk for stort bilete