Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Mamma Mia! Here we go again

For første gong på eitt og eit halvt år fekk bebuarane på Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim endeleg samlast i kantina igjen. Det er berre gått ei veke sidan moteshowet på Tednebakkane. Torsdag føremiddag  måtte Instinct menswear og Matilla rulla ut den raude løparen igjen. 

Endeleg kunne ein samlast i kantina i gjen. Og med moteshow var stemninga på topp. - Klikk for stort bileteEndeleg kunne ein samlast i kantina i gjen. Og med moteshow var stemninga på topp. 

Alle hadde pynta seg frå topp til tå, det var ikkje like lett å sjå kven som var mannekeng og kven som var tilskodar. Abba og Elvis skuffa ikkje denne gongen heller. Det vart også tilløp til dans på den raude løparen då Dean Martin stemma i med «Volare».

Frivilligkoordinator og musikkterapeut ved Straume Bu- og servicesenter, Sandra Sognnes Thorstensen, sa at:  «Eg sleit litt med å finna mannlege modellar. Heilt til Åse frå Instinct dukka opp og dei fekk sjå dei fine kleda. Då sa dei ja med ein gong»

Det som alle var spesielt glade for, var å endeleg kunne samlast i kantina og sjå kor flotte modellane var og nyta musikken. Dette var ein stor dag!

Hilde frå Matilla og Åse frå Instinct Menswear kan ikkje få sagt kor kjekt det er å få gjere dette saman med dei eldre. «Det er så givande å gjera dette. Poenget er ikkje å selja noko, men å få visa kor flott ein kan vera heilt uavhengig av alder, fysisk form og bustad. Det er noko vi brenn for.»

Tekst: Unni Sørensen, frivilligrådgjevar kulturkontoret
Foto: Unni Sørensen og Sandra Sognnes Thorstensen

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete