Mamma Mia for eit show – vinter- og julemote på Tednebakkane

Torsdag føremiddag trengte klesbutikkane Matilla og Instinct menswear mannekengar til å vise fram korleis ein kan kle seg opp til jula og halde seg både varm og moteriktig. Bebuarane på Tednebakkane var ikkje vanskelege å be.

Med Hjeltefjorden som bakgrunn, og musikk som alle kan teksten på, inntok modellane catwalken ein etter ein. Publikum klappa og song med, spesielt Abba og Elvis slo an.

Frivillige modellar

Åse Angeltveit frå Instinct menswear og Hilde Sævlid frå Matilla hadde pakka med seg nesten heile butikken for å kome og lage show saman med bebuarane på Tednebakkane. Frivilligkoordinator Alyce Levik sa at «det ikkje var vanskeleg å finne frivillige modellar. Alle svarte ja. Den tida der dei var redde for å dumme seg ut er forbi for lenge sidan!».

Den eldste modellen er 97 år og angra ikkje eit sekund: «Det er ikkje alltid ein får koma seg i klesbutikk sjølv lengre. Det er godt at det kjem nokon som kan sjå kva som kanskje kan passa til meg, og foreslå noko som eg aldri sjølv kunne ha kome på. Dei damene der har greie på sånt. 

Det var det dei fleste sette pris på, at det kom nokon som viste døme på ulike fargar og kombinasjonar. Så er det jo kjekt å verte styla frå topp til tå.

Dei som kom frå klesbutikkane sette stor pris på å få gjere dette. Det var både rørande og godt å sjå at ein kan vere så stileg og ha det så gøy, også når ein ikkje lengre er så god til beins.

Tekst: Unni Sørensen
Foto: Unni Sørensen og Alyce Levik

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete