Lyser ut anbodskonkurranse om mottaksanlegg for karbonfangst

Denne veka er oppdraget med planering, bygging kaianlegg og administrasjonsbygg i Naturgassparken Vest på Kollsnes for karbonfangst og lagring lyst ut på Doffin. Northern Light er eit mottaksanlegg av CO2 som skal senda gassen gjennom røyr for lagring under havbotnen. Prosjektet er avhengig av investeringsvedtak i Stortinget.

Skisse av anlegg i Naturgassparken Vest - Klikk for stort bileteSkisse av anlegg i Naturgassparken Vest Multikonsult  

Det er Equinor ASA som har utnyttingsløyve og som er peika ut som operatør for karbonfangsten og lagringa av CO2. Samarbeidspartnarar er AS Norske Shell og Total E&P Norge AS. Mottaksanlegget vert bygd dersom partnarane tek investeringsavgjerd i vår og at Stortinget vedtek å gjennomføra det fullskala demononstrasjonsprosjektet for karbonfangst og lagring av CO2.

Det er CCB Kollsnes AS (eigd av CCB og Øygarden kommune) som eig naturgassparken. Det skal etablerast ein importkai for CO2 med lastearmar og røyr til tankar for mellomlagring og pumper for eksport av CO2 frå tankar gjennom røyrleidning til reservoaret. I tillegg skal det etablerast eit administrasjonsbygg, eit bygg for verkstad- og laboratorium og eit bygg for elektriske installasjonar og styringssystem.

Miljøprosjekt

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at oppdraget no går ut på anbod.

-  Dette er eit viktig miljøprosjekt. Ei konsekvensutgreiing viser at det ikkje er avdekt miljø- eller samfunnsmessige konsekvensar som tilseier at prosjektet ikkje bør realiserast. Eg har stor tru på at styresmaktene vil realisera prosjektet, seier ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik.

Administrerande direktør i Coast Center Base på Ågotnes, Øyvind Langedal, seier at prosjektet vil gje ein viktig klyngeeffekt om det vert vedteke realisert.

Utbyggingsfase eín er planlagt med ein kapasitet på 1,5 millionar tonn CO2 frå hausten 2023 med ein driftsperiode på 25 år. Fase to vil ha ein kapasitet på lagring av inntil fem millionar tonn CO2 pr. år. Det skal installerast ein 100 kilometer lang røyrleidning frå mottaksanlegget på land til injeksjonsbrønnen.

For utbyggingsfase eín for heile karbonfangst- og lagringsprosjektet er investeringskostnadene rekna til 6,35 milliardar kroner (2018, +/- 30 prosent usikkerheit). Dei årlege driftskostnadene er rekna til 179 millionar kroner (2018). Drifta av anlegget forventar å gje 46 årsverk på nasjonalt nivå, ni på regionalt nivå og 18 årsverk på lokalt nivå. I utbyggingsfasen kan det på nasjonalt nivå gje over to tusen årsverk.

Formannskapet i Øygarden vedtok tysdag ettermiddag ein uttale til prosjektet Northern Lights. I uttalen heiter det mellom anna at det ser på dette som eit viktig miljø- og klimaprosjekt og at det ikkje er avdekt miljø- og samfunnsmessige konsekvensar som tilseier at prosjektet ikkje bør realiserast.

Tekst: Vigleik Brekke