Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Løypemelding - Breibandsutbygging Øygarden kommune

Øygarden kommune har over tid lagt til rette for utbygging av breiband i område med dårleg dekning – område der det ikkje har vore kommersielt lønsamt å bygga ut slik infrastruktur.

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

I 2020 har kommunen søkt statleg finansieringsordning og fått tildeling av tilskotsmidlar til gjennomføring av utbygging i 11 mindre område:

  • Bjelkarøyna
  • Eidesund
  • Flathomen Risholmen
  • Førdesdalen
  • Hernar
  • Høylandssjøen
  • Laksen
  • Lerøyna 
  • Sauøyna
  • Tveita
  • Skjoldpollen

Til grunn for tilskota ligg ulike krav til teknologi og gjennomføring, du finn meir informasjon om ordninga på Nasjonalt kommunikasjonsmynde (NKOM) sine sider.  Vestland fylkeskommune vil gjennomføra tilbodkonkurransar for val av utbyggjar  i løpet av første halvår 2021.

Kommunen vert oppdragsgjevar for utbygginga som venteleg vil starta i løpet av hausten same år.