Lokalisering må vera forankra i intensjonsavtalen

I dag (7. oktober) drøfta partssamansett utval (PSU) saka som omhandlar lokalisering av administrasjon og tenester. PSU slutta seg samla til framlegget frå prosjektrådmannen. Dei tillitsvalde la ved innspel til saka. Dette følgjer saka fram til behandlinga i fellesnemnda på onsdag.

 Børge Haugetun var ein av flleire politikarar som var opptekne av at lokaliseringa må forankrast i intensjonsavtalen. Til venstre; Espen Harkestad og til høgre; Bodil Aleksandersen. - Klikk for stort bileteBørge Haugetun var ein av flleire politikarar som var opptekne av at lokaliseringa må forankrast i intensjonsavtalen. Til venstre; Espen Harkestad og til høgre; Bodil Aleksandersen.

Under drøftinga var fleire av politikarane opptekne av kva tenester som skal lokaliserast i kommunedelsentera Skogsvåg og Rong. Det vart mellom anna vist til eit dokument i saka der det vert stilt spørsmål om rekruttering av tilstrekkeleg med fagfolk ved å plassera sone nord for heimetenesta på Rong og at dette kan oppfattast å vera i strid med intensjonsavtalen. Signala frå politikarane i PSU er at avgjerda om lokalisering må forankrast i intensjonsavtalen.

Prosjektrådmann Rune Lid opplyste at vedlegga i saka omtalar innspel frå arbeidsgrupper. Leiargruppa skal sjå på forslaga og vurdera dei opp mot intensjonsavtalen. Lid understreka at han tek intensjonsavtalen på det djupaste alvor når lokalisering skal konkluderast.

Dei tillitsvalde presenterte eit skriv med innspel i saka. Desse innspela følgjer saka vidare til behandlinga i fellesnemnda på onsdag. Dei omhandlar frikjøp, kontorlandskap, lokalisering av helsestasjon for ungdom, vaksenopplæringa  for flyktningtenesta og helsestasjon for flyktningar.  Dei tillitsvalde meiner mellom anna at heimetenesta Nord må leggjast til Rong for å ivareta intensjonsavtalen.

Innstillinga går vidare til fellesnemnda

PSU slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen. Det innebér at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume.  Innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.

Frå møtet i PSU i dag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i PSU i dag.

 

Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.

I innstillinga til fellesnemnda heiter det vidare at funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Som hovudprinsipp går det fram at tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

PSU behandla også val av leverandør av forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Denne saka vart drøfta for lukka dører og vert sluttbehandla i fellesnemnda onsdag 9. oktober.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til møtet i fellesnemnda på onsdag.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.10.2019
Fann du det du leita etter?