Lokale tilpassingar på skulane og utvida opningstid i barnehagane

Skulane i Øygarden legg til rette for at skulane med skulefritidsordning opnar med fulltid så raskt som mogleg i samsvar med smitteverntiltaka frå dei sentrale styresmaktene. Opningstida i barnehagane vert utvida til 8,5 timar frå 8. juni.

Barnehagane utvidar opningstida frå komande måndag.  Arkivfoto. - Klikk for stort bileteBarnehagane utvidar opningstida frå komande måndag. Arkivfoto. 

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, seier at det vil variera frå skule til skule korleis dette vert organisert.

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgja. Ut frå smittesituasjonen pr. dato, vert skulekvardagen organisert basert på gult nivå.

På gult nivå kan heile avdelingar og skuleklassar reknast som ein kohort (gruppe). Barnehagane og skulane må framleis ha fleire tiltak for å redusera kontakt og halda avstand mellom tilsette og elevar.

- På den enkelte skule vert det gjort gode lokale kvalitetsvurderingar når det gjeld korleis skulekvardagen skal organiserast. Dette må gjerast innanfor dei rammene skulane har, seier Vabø Haugane.

Dersom det ikkje let seg gjera å gje fullt tilbod før sommaren, vert det gjeve tilbod om fjernundervisning.

Utvidar opningstida i barnehagane frå måndag 8. juni

Barnehagane i Øygarden kan no planleggja for ein meir normal barnehagekvardag. Trafikklysmodellen med grønt, gult og rødt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagane skal følgja. Fram til no har ein vore på raudt nivå med strenge smitteverntiltak.

Frå 2. juni har ein gått over på gult nivå, noko som inneber litt mindre strenge smitteverntiltak, og meir normal barnehagedrift. Øygarden kommune har valt å lytta til innspel frå styrarane si vurdering av utviding av opningstida i barnehagane i kommunen. 

For å ivareta smittevern og tryggleik i barnehagane på ein god måte er det difor bestemt at opningstida vert utvida til 8.5 timar kvar dag frå måndag 8. juni. Det vil vera behov for noko redusert opningstid så lenge smitteverntiltaka er på gult nivå, i første omgang fram til 31.08. Opningstida kan verta endra dersom det kjem nye føringar frå nasjonalt hald.