Aktuell informasjon

Likar å jobba med folk

Måndag og tysdag denne veka var 50 nye lærlingar på plass i kultursalen på rådhuset for å få innføring i kva som ligg føre dei to neste åra.
- Helsefaget er spennande, seier Gabrielle Kleppevik som skal vera på Sundheimen.

Her er dei nye lærlingane i haust. - Klikk for stort bileteHer er dei nye lærlingane i haust. 

Øygarden kommune satsar stort på lærlingordninga, og for tida er det totalt 100 lærlingar i  kommunen fordelt på seks fag. Det er god fordeling mellom kjønna og god aldersspreiing. Fleire av lærlingane har passert 30 år.

Ordførar Tom Georg Indrevik er oppteken av at lærlingane kan bidra til å gjera ein forskjell for innbyggjarane.

- De er med og skapar eit inntrykk av Øygarden kommune. De kan vera med og skapa den kommunen som gjer ein forskjell, sa ordføraren til lærlingane på opningsdagen måndag.

Kommunedirektør Johnny Breivik er stolt over at Øygarden er ei stor lærlingbedrift.

- De utgjer ei viktig samfunnsoppgåve og er våre viktigaste seljarar når det gjeld tilbodet til innbyggjarane. Vi ønskjer å ha så gode tenester at folk ønskjer å flytta til Øygarden, sa Breivik.

Emil Helle frå Drotningsvik, Øyvind Bjorøy frå Angeltveit og Gabrielle Kleppevik ser fram til lærlingtida i Øygarden.

Gabrielle Kleppevik (18), som skal jobba på Sundheimen, seier at helsefaget er spennande.

- Vi lærer mykje forskjellig. Eg har vore på arbeidspraksis og sommarjobb i heimesjukepleien i Sund og på Grønebakkane. Eg likar å jobba med folk, seier Gabrielle.

Frå venstre; Emil Helle, Øyvind Bjorøy og Gabrielle Kleppevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Emil Helle, Øyvind Bjorøy og Gabrielle Kleppevik. 

Vil gjerne gjera ein forskjell

Øyvind Bjorøy (48) har 25 år bak seg i arbeidslivet, mellom anna som sveisar og industrimekanikar. Han vart sjuk og var på veg til å vera ufør. For han vart lærlingordninga og deltaking i prosjektet «Menn i helse» redninga.

No skal han ut i ein 13 månader lang lærlingperiode i helsefaget på Fjell ungdomsskule og Tednebakkane.

- Eg har gått på Åsane vidaregåande skule og har i halvanna år kombinert praksis og teori. Det er viktig for meg å treffa folk og gjera ein forskjell for dei, seier han.

Emil Hjelle (17) er åleine om å ta brannførebyggjarfaget. Han starta på elektrofaget på vidaregåande, men fann ut at dette ikkje var vegen for han.

- Eg visste ikkje heilt kva eg ville. Så fekk eg prøva meg ein dag på brannstasjonen. Det opplevde eg som svært kjekt der eg møtte mykje folk. Eg har eit godt inntrykk av Øygarden som kommune.

Nina Høiem er leiar og koordinator for lærlingordninga. Ho er stolt over dei 100 lærlingane i Øygarden. No handlar det om å gje ei god innføring for dei 50 nye lærlingane i haust.

- De skal verta fagarbeidarar, og vi treng alle hendene dykkar, sa ho då ho ønskte dei nye lærlingane velkomen til Øygarden. Ho opplyser at dei lærlingane som tek til i haust, skal følgja den nye læreplanen for VG3 (opplæring i bedrift).

På opplæringsdagane fekk lærlingane informasjon og kommunen og innføring i rettar og plikter. Hovudtillitsvalde gav informasjon om kva fagforeiningane kan bidra med overfor lærlingane. Andre tema var roller og ansvar, korleis ein skal melda avvik og dokumentasjon av kompetansemål i læretida.  

Øygarden kommune har lærlingar i desse faga: barne og ungdomsarbeidarfaget, brannførebyggjarfaget, byggdriftarfaget, ernæringskokkfaget, helsearbeidarfaget, IT- driftsfaget og service og administrasjonsfaget. Pr. dato er det ingen lærlingar i byggdriftarfaget.

2022/2023 vert eit kjekt, men krevjande opplæringsår for dei 60 lærebedriftene, instruktørane og fagleiarane.

- I tillegg til å implementera nye sentrale læreplanar er kommunen pålagt å utarbeida eigne lokale opplæringsplanar. Samstundes skal ein gje opplæring etter utgåande læreplan til resten av lærlingane, seier Nina Høiem.

Det vert fleire kurs og nettverksarbeid i regi av lærlingordninga for å få dette på plass.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Barne- og ungdomsarbeidarfaget - Klikk for stort bilete
Helsearbeidarfaget - Klikk for stort bilete
Lærlingkoordinator Nina Høiem får mange spørsmål frå dei nye lærlingane. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete