Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Leverer medikament på døra

Kvar føremiddag gjer fire medarbeidarar frå ulike soner i rus og psykisk helse seg klar for ein køyrerunde i Øygarden kommune. I to bilar køyrer dei medisinar ut til rusavhengige som treng legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og leverer LAR-medikamenta på døra.

Klikk for stort bileteFrå venstre; Tine Hanøy, Janne E.Sæle, Lenhart Svemo, Daniel Espeland, Renate F.Johnsen, Kristine Scott og Anja Oldeide. Bjørn Magnus Kronen   

Fram til no har brukarane fått tilgang til dosar og brukarutstyr på ulike måtar. Med heimelevering treng ikkje brukarane nytta kollektivtransport for å henta medisinar på offentlege utleveringsstader. Dersom dei også har bruk for reint brukarutstyr, kan dei henta dette samstundes og dermed redusera smittefaren. 

- Vi meiner at det vil vera ein smitterisiko om brukarane må reisa til dei aktuelle stadene for å få utlevert medisinar. Difor har vi frå onsdag av denne veka lagt dette om ved å ta ein køyrerunde kvar føremiddag ved å levera medisinar til LAR-brukarane på døra. Vi har berre fått positive tilbakemeldingar på dette tiltaket frå brukarane, seier einingsleiar for rus og psykisk helse sone Straume, Therese Helgesen.

Sonene samarbeider tett om utlevering for å kunna oppretthalda tilbodet. Tiltaket vert gjennomført i samarbeid med LAR, Helse Bergen.

Når medarbeidarane kjem til husværet til brukarane, ringjer dei opp og gjer merksam på at levering er på veg. Medikamenta vert leverte etter avtale med brukarane.  Det vert sikra at leveransen kjem fram til rett person.

Det er Anja Oldeide, avdelingsleiar ØH-senger sør og Janne Sæle, koordinator på ROP-huset som administrerer tiltaket.


Tekst: Vigleik Brekke

Kontakt oss om koronaviruset


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Servicetelefon
Telefon 56 16 00 10
måndag-fredag kl 08.00-20.00
laurdag og sundag kl 10.00-16.00
For praktiske spørsmål som
ikkje handlar om helse


Legevakt
Telefon 116 117


Heimetenesta
Sone nord: 56 16 16 63
Sone Straume: 55 09 71 90
Sone sør: 56 33 97 45


Helsestasjon og skulehelsetenesta
Telefon 56 12 20 30
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Jordmor
Telefon 56 12 20 20
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49 | SMS 959 99 399


Helsestasjon for ungdom
SMS "treng time" for konsultasjon
905 81 273 vi ringjer deg opp igjen


NAV
Telefon 55 55 33 33
For arbeidsgjevarar 55 55 33 36


Barnevernet
Telefon 55 09 71 40
måndag-fredag kl 08.00-15.30
og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg


Konsultasjonsteamet
for vald og overgrepssaker

Telefon 915 68 382 (barn og unge)
og 911 37 726 (vaksne)


Frivillig/hjelp?
Meld deg som frivillig | Treng du hjelp?