Regjeringa prioriterer barne og unge og arbeidsplassar. Det vert tilrådd grønt nivå på vidaregåande skular og vaksenopplæringa og gult nivå for barnhagar og grunnskular. Kommunane kan avgjera tiltaksnivå etter smittesituasjonen. Øygarden kommune vil i løpet av fredag avgjera kva nivå som skal setjast for barnehagane og skulane i kommunen.
Regjeringa opnar for servering av alkohol, men med skjenkestopp klokka 23.00. Serveringa skal skje ved borda, sidan dette bidreg til mindre bevegelse blant gjestene og sikrar smittevernet.
Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemer eller tilsvarande nære den smitta vert oppheva med verknad frå torsdag 13. januar kl. 24. Personane vert tilrådde å testa seg tre og fem døger etter nærkontakten.
Når det gjeld arrangement kan ein no vera 200 utan faste tilviste plassar. Innandørs kan ein vera 200 med faste tilviste plassar.
Det er påbod om at arbeidsgjevarar syter for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, mellom anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper.
Tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.
Les pressemelding med alle detaljane frå regjeringa her.
Oversikt over gjeldande nasjonale smitteverntiltak i Øygarden
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Statsministerens kontor