Aktuell informasjon

Legg ut revidert planstrategi

Utval for samfunnsutvikling vedtok i dag (16. mai) å gjera den framlagde reviderte planstrategien 2020-2023 offentleg tilgjengeleg i 30 dagar.

Skjermdump frå møtet som vart avvikla på Teams. - Klikk for stort bileteSkjermdump frå møtet som vart avvikla på Teams. 

Etter framlegg frå fleirtalspartia, Høgre, Frp, Sotralista og KrF, vart det også vedteke at bustadsosial plan startar opp i løpet av 2022 og at plan for oppvekststruktur vert teken ut av planstrategien.

I drøftinga gjorde representantar frå mindretalet det klart at dei ikkje ville støtta tilleggsforslaget knytt til bustadsosial plan og oppvekststruktur. Mindretalet (fire representantar frå Arbeidarpartiet og Raudt) røysta dermed for innstillinga frå kommunedirektøren om å gjera planstrategien offentleg tilgjengeleg.

Planstrategien gjer greie for viktige utfordringar og moglegheiter, og korleis kommunen skal prioritera planoppgåver. Planstrategien er eit politisk styringsverktøy for å ta strategiske vegval og oppnå ønskt samfunnsutvikling. Kommunestyret skal minst ein gong kvar valperiode utarbeida og vedta planstrategien til kommunen.

Kommunestyret har nyleg vedteke samfunnsdelen til kommuneplanen 2022-2034. Samfunnsdelen er eit viktig grunnlag for prioritering, og påverkar også arbeid og planprosessar som allereie går føre seg i kommunen.

Her kan du lesa saksdokument og møtereferat.


Tekst: Vigleik Brekke