Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Legg ut planar for Skogsleitet og Ebbesvika-Straume til ettersyn

Utval for plan vedtok i dag å leggja detaljreguleringsplan for Skogsleitet, Skoge, ut til offentleg ettersyn. Også plan for Ebbesvika-Straume vert lagt ut på høyring.

Skisse over planområdet - Klikk for stort bileteSkisse over planområdet. 

Formålet med plan for Skogsleitet er å leggja til rette for totalt 450 bustader med vegar, gangvegar, parkering, friområde, uteopphaldsareal og leikeareal. Bustadene kan byggjast både som blokker, fleirmannsbustader, kjedehus eller som private eller offentlege omsorgsbustader.

Planområdet er på 139 dekar og ligg rett nord for Skogsskiftet sentrum. Området er sett av til bustadformål og LNF (Landbruks, natur- og friluftsområde) i kommunedelplan for Skogsskiftet og til bustadformål, friområde og LNF i gjeldande områdeplan for Skogsskjenet.

Legg ut plan for Ebbesvika-Straume

Det vart også samrøystes vedteke å leggja ut detaljregulering for Ebbesvika-Straume til offentleg ettersyn. Planområdet er på 44 dekar og ligg næringsklynga sør for regionsenteret på Straume. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for næringsverksemd med betre interne løysingar for verksemda til Coop Obs Bygg som det er ønske om skal flytta frå dagens plassering i Straumsfjellvegen til planområdet.

Utvalet behandla fem klagesaker og eín dispensasjonssøknad.

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Arealtek AS & Besseggen Arkiteter