Legg plan for Storevarden til offentleg ettersyn

Utval for plan vedtok torsdag å leggja detaljregulering for Storevarden, Rong, ut til offentleg ettersyn.

Skisse over planområdet - Klikk for stort bileteSkisse over planområdet

Planen legg opp til etablering av inntil 30 nye bueiningar fordelt på 19 bustadbygg i form av ein- og tomannsbustader. I tillegg inngår fire eksisterande bustader i planen. Planområdet ligg om lag to kilometer sør for Rong kommunedelsenter. Det er også regulert inn eit leikeareal og offentleg og privat infrastruktur.

Eit framlegg frå Frp, Høgre, KrF, Sotralista og uavhengig vart samrøystes vedteke. Det inneber at leikearealet skal gjerast inn mot veg. Det må også sikrast at det vert gjerde mot gjesteparkering då denne ligg tett på leikeplassen. Denne endringa må innarbeidast før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn. I tillegg må eigedomane i den fremste rekkja mot vest sikrast med gjerde mot skrent.

Klagesaker

Utvalet behandla ni klagesaker.

Budsjett

Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 vart teken til orientering. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan den 15. desember.


Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Norgeshus