Lanserer informasjonsportal og servicetelefon for næringslivet

«Vekstportalen – ein ressurs for næringslivet» er kommunen og næringslivet si nye teneste for bistand i koronakrisa. Knytt til portalen er også servicetelefon for næringslivet oppretta.

Klikk for stort bilete    

Frå i dag kan kriseramma bedrifter nytta ein nyoppretta næringsportal, og få hjelp av ein nytilsett rådgjevar i jungelen av statlege og regionale tiltakspakker.

- Vi er inne i svært utfordrande tider. I tillegg til koronapandemien vil også låg oljepris over tid ramma oss hardt. Det er difor avgjerande at næringslivet tar i bruk dei støtteordningane som finst. Denne portalen vil kunna vera med på å gjera oss i stand til det, seier ordførar Tom Georg Indrevik i Øygarden kommune. 

Bakgrunn

Øygarden formannskap vedtok den 1. april å oppretta ei arbeidsgruppe på åtte personar som skulle førebu arbeidet med å leggja fram ein lokal tiltakspakke for næringslivet knytt til den krevjande situasjonen med koronasmitte i 2020.

16. april vedtok Formannskapet 11 tiltak. Øygarden kommune og Vest Næringsråd er i samarbeid no klare med tre av dei vedtekne tiltaka:

  1. Rådgjevarstilling i Vest Næringsråd
  2. Servicetelefon for næringslivet under COVID-19
  3. Informasjonsportal for næringslivet knytt til COVID-19

I samarbeid med næringslivet skal kommunen også gjennomføra eit fjerde punkt: Haldingskampanje for å nytta lokalt næringsliv.

Informasjonsportalen heiter «Vekstportalen – ein ressurs for næringslivet», og er ei nettside for bedrifter, lag og organisasjonar som er hardt ramma av koronakrisa. Sida er oppretta som eit samarbeid mellom Øygarden kommune og Vest Næringsråd.

Målet er at denne sida skal vera ei ressursside for heile næringslivet i denne krisetida. Her vil du finna informasjon om ulike tilskot- og støtteordningar, og tiltak og prosjekt Øygarden kommune har planar om å gjennomføra på kort og lengre sikt. Her er også gode råd om smittevern, spørsmål knytt til permittering/sjukemelding og kompetanseutvikling.

Du vil også finna ein kalender med ei rekkje webinar.

Tek imot spørsmål og innspel

Klikk for stort bileteRING MEG! Sirianne Hellerud er tilsett som rådgjevar, og har ansvaret for næringslivet sin servicetelefon. - Vekstportalen er eit bevis på at det går an å få til noko kjapt saman når ein vil. Det fortjener kommunen ros for. Vi ønskjer å vera forsiktige, slik at vi ikkje blir ein marknadskanal for konsulenttjenester, snarare ein kanal med stort nettverk i ryggen. Vekstportalen skal vera ei hjelp for heile næringslivet uansett om ein er medlem i Vest Næringsråd eller ikkje. No står vi saman, og hjelper kvarandre alle som ein, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd.

På Vekstportalen finn du også den nyoppretta rådgjevarstillinga i Vest Næringsråd og servicetelefonen for næringslivet. Sirianne Arnestad Hellerud er tilsett i stillinga, og har ansvaret for servicetelefonen. 

Alle som er ramma av koronakrisa er velkomne til å ta kontakt med spørsmål eller innspel.

- Det er ei ny, og for mange krevjande tid. Eg inviterer til å ta kontakt skriftleg eller ringa meg for ein prat. Eg tek imot spørsmål, innspel eller ein fortruleg samtale i denne tida. Vekstportalen og servicetelefonen er til for å hjelpa, seier Sirianne Arnestad Hellerud.

 

Tekst og foto: Anders Ekanger, Vest Næringsråd