Lågaste folkevekst sidan kommunesamanslåinga

Innbyggartalet i Øygarden nådde 39 280 personar i tredje kvartal 2022, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein auke på tre personar sidan andre kvartal i år.


Historisk sett er tredje kvartal det kvartalet med mest flytting i løpet av året, både inn og ut av kommunen. I år var det flest som flytta ut av kommunen i løpet av tredje kvartal, og nettoutflyttinga var på 52 personar.

Lågare fødselstal enn normalt har også bidratt til at vi ser lite vekst i folketalet dette kvartalet. 89 born vart fødde i Øygarden tredje kvartal i år, tretti born færre enn i same periode i fjor. Dermed var også fødselsoverskotet (33 personar) noko lågare samanlikna med eit gjennomsnittleg kvartal. Saman med nettoinnvandring på 22 personar førte likevel fødselsoverskotet til at folketalet auka med tre personar, trass høg nettoutflytting.

Så langt i år har folketalet i Øygarden auka med 0,6 prosent (248 personar). Til samanlikning har folketalet i Askøy, Bergen og Alver kommune auka med høvesvis 0,4 prosent, 0,7 prosent og 0,8 prosent. Folketalet i Bjørnafjorden kommune har auka med 1,1 prosent så langt i år.


Tekst: Kristina Espeseth

Foto: Colourbox