Kvardagsrehabilitering - Kva er viktig for deg?

Kvardagsrehabilitering.jpg - Klikk for stort bilete I Øygarden kommune er det etablert ei prosjektgruppe frå august 2016 – august 2019 som arbeider med innføring av Kvardagsrehabilitering som teneste. Prosjektet er organisert i heimesjukepleien.

Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa og intensiv rehabilitering i eigen heim og nærmiljø kor brukaren sjølv definerer sine eigne mål for rehabiliteringa, ut i frå eit ynskje om å meistre dagleglivets aktivitetar.

Kvardagsrehabilitering vert tildelt som ei eiga teneste, og  inneber trening på eiga hand samt under vegleiing av heimetenesta, fysio - og ergoterapeut. Tilrettelegging av omgjevnadane kan og være aktuelt.

Kven er aktuelle kandidatar?

  • Heimebuande personer over 18 år som har utfordringar med kvardagslege aktivitetar.
  • Personer med gradvis eller plutselig funksjonsfall.
  • Dei som er motivert til å gjere ein eigen innsats.

Ved spørsmål, eller om du vil tilvise ein til kvardagsrehabilitering ta kontakt på:

Telefon 56 38 54 75/ 56 38 23 00.

E-post: kvardagsrehabilitering@oygarden.kommune.no

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 19.04.2017
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)