Kva tenkjer du om framtidas kollektivtilbod?

Skyss har utarbeidd Mobilitetsplan vest som handlar om korleis det samla kollektiv- og mobilitetssystemet bør vera i framtida. Du vert invitert til å koma med kommentarar og merknader til planen.

Ill./skisse - Klikk for stort bileteIll./skisse Skyss


Planen omtalar særleg korleis kollektiv- og mobilitetssystemet bør vera når det nye elektriske båtsambandet mellom Kleppestø og Strandkaien opnar i 2024 og når Sotrasambandet står ferdig i 2027. Målet er å bidra til nullvekst i personbiltransporten, gje auka tilgang til kollektivtransport og delte transportmiddel, samt betre tilfredsheita med tilbodet i planområdet.

Planen er no på offentleg høyring i Øygarden, Askøy og Bergen. Men også enkeltpersonar, organisasjonar, bedrifter og andre kan koma med innspel på planen.

Her kan du lesa heile planen. 

Her kan du skriva inn merknadene dine elektronisk.