Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Krigshelten Jakob Strandheim er død

Jakob Strandheim, som for tre veker sidan vart heidra for krigsinnsatsen sin, døde på fredag.

 Jakob Strandheim. Frå markeringa den 25. september. - Klikk for stort bileteJakob Strandheim. Frå markeringa den 25. september.  

Det var Fiskeribladet som i dag meldte om at Strandheim døde på fredag, 101 år gamal.    
Jakob Strandheim vart heidra med avduking av ein minnestein i under eit arrangement i  
Fjordparken på Rong den 25. september.

Strandheim var ein del av Shetlandsgjengen som under den andre verdskrigen frakta  agentar, flyktningar og mellom Noreg og Shetland. Mange av motstandsfolka omkom i den tida englandsfarten vart gjennomført med skøyter.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Jakob Strandheim gjorde ein eineståande innsats under krigen.

- Det står stor respekt av det Jakobs innsats under krigen. Det han og dei andre utførte mot okkupasjonsmakta var svært viktig i motstandskampen. Jakob var den siste attlevande av shetlandsgjengen, og eg er glad for at han fekk oppleva å verta heidra på arrangementet for tre veker sidan, seier ordføraren.

Jakob Strandheim peikar mot KNM Hitra som var eitt av dei fartøya som vart brukt dei siste krigsåra - Klikk for stort bileteJakob Strandheim peikar mot KNM Hitra som var eitt av dei fartøya som vart brukt dei siste krigsåra.  

 

 

 

 

 

 

 

 







Øyvind Strandheim er nevø til Jakob og talte til han på arrangementet den 25. september.
     
- Jakob og familien var svært glade for at markeringa vart gjennomført medan han levde. Han var ein bauta i familien og ein heidersmann, seier Øyvind Strandheim.

Her er tekst og bilete frå arrangementet den 25. september.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke