Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Kraftig resultatforbetring for Øygarden kommune

Kommunedirektør Rune Lid er svært nøgd med resultatforbetringa på kr 112 mill i det første driftsåret i ny kommune. Dette viser at arbeidet med god økonomistyring har gitt effekt til trass for eit krevjande driftsår, med ny samanslått kommune og Covid-19. Kommunedirektøren meiner at kommunen er på rett veg, men at det framleis gjenstår krevjande økonomiske prioriteringar for å oppnå ein bærekraftig kommuneøkonomi. Kommunedirektøren understrekar også at ein må halda fram arbeidet med å evaluera organisasjonen og forbetra rutinar.

Klikk for stort bilete Colourbox   

Årsrekneskapen for 2020 er ferdigstilt og levert revisjonen. Rekneskapen viser eit negativt netto driftsresultat på kr 8,5 mill (- 0,3 % av brutto driftsinntekter). Dei tre gamle kommunane leverte rekneskap for 2019 som samla viste eit negativt netto driftsresultat på kr 121 mill. Ein rekneskap for 2020 med eit negativt netto driftsresultat på kr 8,5 mill er soleis ei resultatforbetring på heile kr 112 mill.

Kommunedirektøren understreker at dette er ein urevidert rekneskap som kan bli endra etter revisjon. Usikkerheiten er større enn normalt som følgje av at rekneskapen gjeld første året i ny kommune. Nærare forklaring, budsjettavvik osb. kjem ein tilbake til i samband med årsmeldinga.

Ein kan likevel no peika på følgjande hovudgrunnar til resultatforbetringa samanlikna med 2019:

  • Stort fokus på årsverkskontroll
  • Svært låg rente
  • Låg straumpris

I tillegg er det andre forhold som positivt bidreg til driftsresultatet, t.d. reformstøtte som ikkje er nytta fullt ut og lågare lønsoppgjer enn budsjettert. På den andre sida dreg svikt i skatteinntektene på om lag kr 50 mill ned driftsresultatet.

I oktober vart det innført tilsetjingsstopp og innkjøpsstopp for å dempa utgiftene mest mogleg resten av året 2020. Unntatt frå dette var tilsetjing i stillingar og kjøp som var heilt nødvendig.

Kommunedirektøren vil spesielt trekkja fram arbeidet som blei gjort i samanslåingsperioden knytt til å få kontroll på årsverka. Den nye kommunen vart dimensjonert med 50 færre årsverk enn summen av dei tre gamle kommunane.

Rekneskapsresultatet viser at kommunen er på rett veg. I økonomiplanen for 2021-2024 er det budsjettert med balanse i økonomien i 2021 og eit positivt netto driftsresultat på kr 50 mill (1,75 % av brutto driftsinntekter) frå 2022.

2020 har vore eit svært spesielt år. Det var første året i ny kommune og i tillegg kom nasjonale og lokale tiltak i samband med Covid-19 og stor uvisse om kor mykje kommunen ville bli kompensert. Leiarar, tilsette og hovudtillitsvalte har vist stor omstillingsevne og har handtert situasjonen på ein svært god måte. Kommunedirektøren ønskjer å takka alle leiarar og tilsette som har bidrege til den store resultatforbetringa samanlikna med resultatet for 2019 i dei tre gamle kommunane.

Revisjonen har no frist til 15. april med å revidera rekneskapen. Deretter skal kontrollutvalet gje uttale til rekneskapen. Rekneskapen skal behandlast i formannskapet og til sist i kommunestyret.

Anne Erdal
kommunalsjef for Økonomi