Kraftig auke i funn av døde fuglar
Den siste tida har det kome inn fleire tips om funn av døde fuglar. Dette gjeld særleg svaner og hegrar.
Død svane funnen i ei vik ved Ågotnes.
Rådgjevar for miljø, Synniva Vatle, opplyser at det er registrert kraftig auke i funn av døde fuglar. Ei svane er sendt til Mattilsynet for testing for fugleinfluensa.
- Dersom de finn ein død fugl, pakk han inn i dobbel plastpose og kast posen i restavfallet. Restavfallet vert brent. Det er ikkje bra at fuglen vert liggjande ute i naturen ettersom det er fare for at han kan smitta andre fuglar, seier Vatle
Dei som finn levande sjuk fugl, kan kontakta Ettersøksringen på telefon 948 54 645.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Synniva Vatle
Publisert 19.01.2023 12.58