Konstruktivt møte med fylkeskommunen

Onsdag ettermiddag drøfta Øygarden kommune og Vestland fylkeskommune moglege tiltak på fylkesveg 561 mellom Ågotnes og Hellesøy.
- Eg opplevde dette som eit konstruktivt møte der både kommunen og fylkeskommunen har vurdert ulike tiltak, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå Teams-møtet i dag. - Klikk for stort bileteFrå Teams-møtet onsdag. 

Etter den tragiske trafikkulukka på Torsvik den 14. juni, der ein 12 år gamal gut omkom, har kommunen og Vestland fylke vore i dialog om moglege trafikksikringstiltak på fylkesvegen.

På eit Teams-møte i dag presenterte Øygarden moglege strakstiltak og tiltak på litt lengre sikt på den aktuelle strekninga. Dei fleste tiltaka kan vera moglege å realisera i 2023 dersom finansiering vert avklart. Også fylkeskommunen presenterte aktuelle punkttiltak som kan leggjast inn i fylkesbudsjettet.

Seksjonsleiar for forvaltning, utgreiing og geodata ved avdeling for infrastruktur og veg, John Martin Jacobsen, sa at fylkeskommunen vil halda fram dialogen med Øygarden kommune og gje tilbakemelding på dei tiltaka kommunen presenterte i møtet.

- Både kommunen og Vestland fylkeskommune presenterte gode trafikksikringstiltak. Eg har forventning til at partane kan verta samde om gode løysingar og finansiering av fleire tiltak og at fleire av dei kan verta realiserte i 2023. Eit strakstiltak er å få busslomma på Solsvika operativ.  Formannskapet vil få meir detaljert informasjon på møtet tysdag 23. august, seier Tom Georg Indrevik.

Tekst: Vigleik Brekke