Pr. 1. september ligg kommunen an til eit mindre straumforbruk på 9,5 prosent samanlikna med 2021. Prognosen for straumutgiftene i 2022 er 50,4 millionar kroner ved ein gjennomsnittleg straumpris på 1,90 kroner og 56 millionar kroner ved ein snittpris på tre kroner.
Tysdag ettermiddag presenterte han tiltaka for formannskapet. Dersom forbruket neste år vert redusert med 20 prosent, kan kommunen redusera kostnaden med mellom 15 og 18 millionar kroner, alt etter kva prisen på straumprisen vert. Med forventa redusert forbruk på 20 prosent og ein snittpris på tre kroner, vil straumutgiftene i 2023 verta på om lag 53,6 millionar kroner.
I 2021 tok Eigedom, drift og vedlikehald (EDV) i bruk energiovervakingssystem. Dette systemet gjev oversikt over straumforbruk på det enkelte bygg/anlegg til ei kvar tid.
Fleire tiltak
Eitt av fleire nye tiltaka som no vert sette i verk, er å redusera temperaturen i bygga. I ei rekkje bygg vert nå maksimumstemperaturen sett til 20 grader. I idrettshallar vert maksimumstemperaturen sett til 17 grader i speleflatene. Garderobar skal ha ein maksimumstemperatur på 21 grader. Vasstemperaturen i barnebasseng, opplæringsbasseng og terapibasseng vert uforandra.
- Berekningar viser at vi kan redusera forbruket med fem prosent pr. grad ved å redusera temperaturen. Maksimumstemperaturane er fastsette innanfor rammene til Arbeidstilsynet, seier Johnny Breivik.
Andre tiltak er å bytta ut eldre armaturar til LED-lys og installera tidsur i idrettsanlegg og uteområde.
Kommunedirektøren seier at det er viktig at kommunen i åra som kjem, førebur overgang til gode ENØK-tiltak som solcellepanel på tak for å gjera kommunen mindre sårbar.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland