Klima- og miljøprisen i Vestland

Vestland fylkeskommune deler ut klima- og miljøprisen for 4. gong. Det er no mogleg å nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid det siste året eller over tid. 

Barn som kjeldesorterar | Foto: Eric Sadorge - Klikk for stort bilete

Føremålet med prisen er å synleggjere og honorere godt klima- og miljøarbeid i fylket. Prisen er på kr. 70.000,- 

Alle kan sende inn nominasjon gjennom digitalt skjema eller  via post (Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen. Merk nominasjonen med «Nominasjon til klima- og miljøpris 2023 (2022/94074)».

Klima- og miljøprisen kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar som: 

  • høyrer heime i fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv klima- og miljøinnsats ut over det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Fristen for å nominere kandidatar for prisen er 28. februar 2023.

Les meir om prisen, tidlegare vinnarar og prosess for å kåre ein vinnar på heimesida til Vestland fylkeskommune 
Kontaktperson: Ida-Beate Mølmesdal (klimakoordinator), tlf. 47604557, e-post: Ida-beate.Molmesdal@vlfk.no