Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Klart for ny massevaksinasjon

Fredag 7. mai vert det massevaksinasjon i Sotra Arena. Om lag 500 personar får første vaksinedose denne dagen. Sist fredag (30. april) vart 690 personar vaksinert i hallen.

Frå vaksinasjonen i Sotra Arena 30. apri - Klikk for stort bileteFrå vaksinasjonen i Sotra Arena 30. april. 

På fredag er det gruppe fire som er personar mellom 65-74 år og personar med høg risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom mellom 18-64 år som ikkje har fastlege i kommunen, som får vaksine.

Også gruppe fem som omfattar personar mellom 55 og 64 år med moderat risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom, får vaksine denne dagen.

Det er også start av vaksinasjon i gruppe seks som omfattar personar mellom 45 og 54 år med moderat risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom.

Vaksinasjonen den 7. mai startar klokka 09.00 og vert avslutta om lag klokka 15.00.

Neste veke (veke 19) sender kommunen ut invitasjon til gruppe fire og fem for å få med resten av desse gruppene. Det vert også sendt invitasjon til gruppe seks.

Parkering

Det er avgrensa parkeringskapasitet ved Sotra Arena. Dei som ikkje skal ta vaksine i hallen denne dagen, vert difor bedne om visa omsyn til dette og bidra til at det er parkeringskapasitet for dei som skal vaksinerast.